Gjerde til Lindesnes

Arvid Helleren får 300 meter nytt, ferdig oppsett nettinggjerde frå HT gjerde. Arvid ein standhaftig storfeprodusent, saman med kona.

Publisert

Arvid har drive gard sidan han var ferdig i militæret i 1979. Den gongen var det eit veldig elgproblem i området. Elgen gjorde mykje skade, og reiv ned gjerde over alt. No er elgen under kontroll, men gjerdesituasjonen er ikkje aldeles enkel likevel.

– Vi held til litt inn i landet, så her er det ein del snø. Vi har også slite med at snøen bryt ned gjerda våre. Slik sett skal det bli interessant å sjå korleis dette gjerdet fungerer, konstaterer Arvid.

Får stadig meir areal

For gjerdehald er eit viktig tema for familien, som driv både med mjølk og kjøtproduksjon på storfe. Løysinga dei seinare åra er blitt glasfiberstolpar og kvite gjerdeband, for at elgen skal sjå dei og helst ikkje rive ned for mykje.

– Vi brukar veldig mykje tid på gjerding. Det er mange smålappar med jord over alt. Mange andre har lagt ned drifta, og vil gjerne ha dyra våre på beite. Vi har tilgjengeleg areal til å auke opp produksjonen, men dei mange jordlappane gjer det ikkje lett å drive, forklarer Arvid.

Populær premie

Innspela frå nøtteknekkarane tyder på at mange kunne tenkt seg premien Arvid no har sikra seg: 300 meter ferdig oppsett nettinggjerde frå HT-gjerde. Ragnar Vikingstad, som står bak gjerdekonseptet, fortel at ein av hans samarbeidspartnerar vil stille med ei beltegåande gjerdemaskin, som bankar ned stolpar og fraktar gjerdemateriellet. Vikingstad har samarbeidspartnerar spreidd kringom i landet. Nettet han satsar på har meir spenn enn det som er normalt, så det held forma både over kular og nedi dumper. Vikingstad har løysingar både for stolpar på mjukare grunn og for stolpar på fjellgrunn.

– Nøtter er folkeopplysning

Å sette av tid 24 dagar i desember til å knekke BG-nøtter har prioritet i heimen.

Arvid Helleren har deltatt i BG-nøttene omlag frå starten, og har så godt som støtt vore mellom dei som har kvalifisert seg til hovudpremiane. Så også i år: 24 rette!

– BG-nøttene har eg likt å vere med på. Dette er jo folkeopplysning! Eg lærer av svara, og eg lærer å finne fram, når eg leitar etter rett svar. Eg legg æra mi i å få alt rett. Det betyr at eg må passe på å svare tidleg på dagen, om vi skal noko på kvelden slik at eg risikerer å kome seint heim, betrur han oss.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS