utvikling folketal landbruk

Kvifor maskinbransjen er optimistar

Internasjonal maskinbransje har ein viss optimisme når dei kikar i glaskula. Trass tunge tider i mange land no, meiner dei landbruket vil styrke seg på sikt.

Publisert

Globalt er det mange piler som peikar oppover, og desse vil utan tvil påverke situasjonen i landbruket. Under Agcos pressekonferanse i Finland nyleg nemnde Martin Richenhagen desse stikkorda:- Folketalet aukar- Nye marknader , auka kjøpekraft i fleire land- Det er avgrensa tilgang på dyrkbar jord- Mekaniseringsgraden aukar alle stader- Auka etterspurnad etter bioenergi- Stigande prisar til forbrukarTrass i at landbruket i dei fleste vestlege land er subsidiert og regulert på ymse vis, styrer marknaden mykje av prisane. Auka etterspurnad skulle bety høgare prisar også til bonden, og dermed høve til å selje fleire maskiner for dei som lever av det.På same tid veit vi at folketalet i verda er stigande. Prognosar seier at folketalet i 2050 vil vere 50 prosent høgare enn i 2000. Det vil seie ni milliardar, mot seks milliardar for få år sidan. I dag er det til samanlikning kring 6,6 milliardar menneske på kloden.Derimot er det dyrka arealet stadig mindre. Frå 1900 til 2000 vart det meir enn halvert, og frå 2000 til 2020 er det venta at nok ein tredel blir borte.For maskinbransjen betyr dette at store marknader i dei mindre utvikla landa ligg og ventar på ei utvikling i landbruket som den vi har sett i vår del av verda dei siste tiåra, med auka mekaniseringsgrad og produktivitetsauke.I land som vårt er det håp om at prisane ikkje skal falle så alt for mykje meir, at det vil bli lettare å selje produkta, og at nye kundar, særleg knytt til bioenergi, skal vere med på å dra lønsemda oppover.Og enno har vi ikkje nemnt effekten av klimaendringar, men det får ligge denne gongen.

Powered by Labrador CMS