Tegning av drager solm hviler på fast underlag
Det er viktig at minst sju til 10 cm av dragaren kviler på fast underlag. Illustrasjon: Bedre Gardsdrift
Plastgolv skal sikrast mot yttervegg med trelister eller vinkelstål, jamfør pilene. Ved lange spenn skal plastristene sikrast mot dragarane med spesielle anker, plassert i mønster som vist med den raude trekanten.

Reime: Sjekk opplegg på dragarane!

Har du fjøsgolv med plastrister, er der nokre ting du kan gjere for å vere tryggare. Mellom anna sjekke opplegget på alle dragarane.

Publisert

I løpet av kort tid har fleire nesten nye fjøsgolv ramla ned, og fleire sauer har bøtt med livet i dei dramatiske hendingane. Undersøkingane av kva som har skjedd pågår framleis, så det er for tidleg å trekke bastante konklusjonar.

Reime, som har opplevd at golv bygde av komponentar frå dei har ramla ned, ber bønder som er bekymra for golva sine om å gjere visse undersøkingar og utføre naudsynte sikringstiltak.

1: Sjekk korleis dragarane ligg

Kvar einaste dragar i golvkonstruksjonen skal ligge med minimum sju til ti centimeter av oppleggsflata inne på fast kant, i begge endar. Oppleggsflata er det vi kan kalle leppa i enden av dragaren, den delen som er meint å skulle ligge på fast kant. På Reime sine tverrliggarar er oppleggsflata 12 centimeter lang. Oppleggsflata skal ligge godt og stødig. Gjer den ikkje det, må den i første omgang stemplast av.

– Det at vi går ut med denne oppmodinga betyr ikkje at vi har konkludert i dei aktuelle ulukkene, men vi er opptekne av at alle faktorar som kan bidra til å sikre golva blir sjekka, seier Reime-sjef Erik Joa til Bedre Gardsdrift.

For lite opplegg kan gi svikt

I ein betongkonstruksjon kan det skje at ikkje alle mål vert aldeles nøyaktige. Det er rom for eit visst avvik, men blir dragarane liggande med for lite opplegg kan dei rett og slett ramle ned.

– Dette er ein detalj som bønder flest kan sjekke. Er du tvil, kan du gjerne rådspørje ein bygningskyndig. Dragarane skal ha eit visst rom for utviding, men denne klaringa skal ikkje vere for stor, forklarer Joa.

Kan gjelde fleire golvtypar

– Gjeld dette berre Reime sine golv?

– Problemstillinga er aktuell for golv av alle fabrikat med tverrliggarar som ligg på fast underlag. Er opplegget for lite, kan ei unormalt stor nedbøying, store rørsler i golvet eller andre uvanlege påkjenningar få dragaren ut av posisjon. Det gjeld uansett om vi snakkar om fagverk, glasfiber, stål eller treverk. Eg har sett bilete av golv med tverrliggarar i glasfiber, der desse ikkje er sikra godt nok i sideretninga. Det er også viktig å passe på. Er ein tverrliggar i glasfiber feilmontert, kan den velte og vi får ein svært ugrei situasjon.

2: Sikre ristene med sikringsanker

For plastrister på fagverk ved lengder over fire meter har Reime eit sikringsanker, som skal hindre at plastrista løftar seg frå bæringa. Dette er sendt ut til alle aktuelle kundar som Reime kjenner til, og til forhandlarane som har levert aktuelle golv.

Sikringsankeret vert montert ved å stikke det ned gjennom spalter i plastrista, huke det inn under det bærande flattstålet på fagverksdragaren, og skru fast. I og med at plastristene er ein del av golvkonstruksjonen som held tverrliggarane i rett posisjon, er det avgjerande at plastristene ikkje kjem ut av stilling. Er du spesielt uroa og manglar sikringsanker, kan ei naudløysing vere å stripse fast ein del plastrister. Reime har sikringsanker på lager, og sender ut umiddelbart.

3: Sikre ristene mot yttervegg

Langs alle ytterveggar ber Reime om at du monterer ei trelist eller eit vinkelstål, forankra i ytterveggen, og plassert slik at plastristene blir haldne på plass.

Reime har lagt ut ei monteringsrettleiing for sikringsanker og sikring mot yttervegg her.

­4: Unngå for store konsentrasjonar av dyr

Reime sitt Tulla systemgulv er dimensjonert for 200 kg pr. kvadratmeter. Ved samanstimling av dyr, eksempelvis ved trongsetting for vaksinering, kan belastninga bli større. Reime oppmodar difor til å unngå at for mange dyr blir ståande for tett.

Reime påpeikar også at fôringsplassar, til dømes for rundball, må ha tilstrekkeleg fundamentering.

Har ikkje oversikt over alle kundane

– Har Reime kontakta kundane som har slike golv direkte?

– Ikkje alle, nei. Vi leverer gjennom forhandlarar, som vi har informert. Der vi har kontaktinformasjon til kundane har vi sendt informasjon, men vi har ikkje full oversikt over kven som har golv frå oss. Det er 15 000 sauebuskapar i Noreg. Dei seinare åra har veldig mange fornya eller bygd nytt. Kan hende ein plass mellom 500 og 800 berre dei siste fire åra. Reime har levert golv til fleire hundre i denne perioden, men vi har ikkje kontroll på alle.

Fleire komponentar og fleire aktørar

Eit golv av denne typen består av fleire komponentar. Reime leverer dragarar og rister, men står ikkje for verken montering eller betongarbeid. Det er heller ikkje Reime som står for dimensjoneringa av bygningane der systemgolva vert monterte.

– Vi skal ikkje springe ifrå ansvaret vårt, og har heller ikkje til intensjon å leite etter utanforståande syndebukkar. Likevel er det grunn til å vere klar over at feil dimensjonar på betongarbeidet eller feilmontering er utanfor det vi rår over.

– Å rette alt skytset mot ein aktør åleine, før alt er ferdig undersøkt, kan vise seg å vere noko urett, kommenterer Erik Joa. Han har den seinare tida opplevd det som framstår som regelrett hets av Reime i sosiale medium. På same tid har Reime hatt mykje kontakt med bønder som har montert slike golv, og opplever kundane som konstruktive.

Det viktigaste: Liv og helse

Erik Joa understrekar at informasjonen dei no går ut med er for å sikre at det ikkje skjer nye ulukker, og for å bidra til at folk kan sove godt om natta.

– Lamminga nærmar seg. Folk er sjølvsagt uroa etter det som har skjedd. Bønder er redde for dyra sine, foreldre er redde for å ta med seg ungane i fjøset, og mange har eit arbeidsgivaransvar dei sjølvsagt tar på alvor. Det er sterkt beklageleg at slike ulukker kan skje. No gjer vi det vi kan for å hindre at det skjer fleire, fastslår Joa.

Powered by Labrador CMS