Vi må berre innrømme det: At ein artikkel på gardsdrift.no blir tatt seriøst første april er ikkje å vente. Men tradisjonen blir sett pris på, og det er vi glade for. For noko av det artigaste vi veit, iallfall på denne tida av året, er å finne opp noko som er litt for usannsynleg, men ikkje heilt urealistisk.
I år kom turen til John Deere, som kan levere ei automatisk drone på taket, som tar seg av alt som trengst av registreringar av teigen du skal jobbe på, eller fungere som ein svevande påpassar over reiskapen. All teknologien det blir vist til her, er alt i dag i bruk på ulikt vis. Det einaste vi har gjort er å putte det saman til ein litt uvanleg pakke.
Heile aprilspøken for 2016 kan du lese vidare nedover på denne sida!
Skal du vere i fremste rekkje på presisjonslandbruk er det ikkje lenger nok med kule på taket. Du må også ha dronestasjon der.
John Deere sitt nyaste tilskot innan presisjonslandbruk er AMS Drone. Frå en basestasjon på taket på traktoren eller treskaren flyg ei heilautomatisk drone ut på oppdrag etter behov. Utstyrt med fleire typar kamera og sensorar opnar den for heilt nye perspektiv innan autostyring og reiskapsautomatisering. Drona blir levert som pakkeløysing saman med GPS og autostyring på traktoren.
Ideell for norske forhold
Bård Svarstad, ansvarleg for presisjonslandbruk i Felleskjøpet Agri, har stor tru på AMS Drone.
– Her i landet har vi mange relativt sett små teigar, med ymse slags skavankar. Her vil det vere ein stor rasjonaliseringsgevinst i å la elektronikken ta seg av meir av planlegginga av køyringa.
Detaljkartlegging
John Deere er ikkje åleine om å kombinere landbruksmaksiner og droner. CaseIH si løysing er eit fly, men det er ikkje knytt opp mot traktor eller haustemaskiner.
Sjølve teknologien er kjent. Det nye er at John Deere har kopla drona saman med sitt AMS-system. Den enklaste bruksmåten for drona er å sleppe den i lufta når du kjem til ein ny teig. I løpet av kort tid kartlegg drona åkerkantar og eventuelle hindringar, enten som eit supplement til eksisterande kart eller for å kartlegge teigen frå botnen av. Ut frå dette kalkulerer traktoren det mest rasjonelle køyremønsteret. Dette kan skje mens du er i gang med første drag langs ein av ytterkantane, så du slepp å stå og vente.
Nye typar køyremønster
Drona kan gjenomføre ei detaljert avlingskartlegging i det du startar haustinga, for å legge opp eit rasjonelt køyremønster med minst mogeleg tomkøyring.
Drona kan også observere slikt som ikkje går fram av eksisterande kartmateriale. Til dømes blauthol, legde eller stor stein, og ta omsyn til det når køyremønsteret vert teikna opp. Kombinasjonen av radar og 3D-kamera gjer det mogeleg å registrere avlingsnivå, og dermed lage eit køyremønster der slåmaskina slær det tjukkaste graset i nedoverbakke, eller at treskaren tar legda til slutt.
Konkurrent til Yara N-sensor
Utstyrt med infraraudt kamera fungerer drona akkurat som Yaras N-sensor, der sensoren registrerer nitrogrennivået i plantene og justerer spreiemengda etter dette. Dette krev at gjødselspreiaren har Isobus. Ved sprøyting detekterer den mengda biomasse, og kameraløysingane gjer det også mogeleg å botanisere ugras og visse typar skader av anna slag, og på det viset tilpasse sprøytinga.
Styrer også køyrefarten
Fleire av desse oppgåvene er i dag løyste med sensorar direkte på traktoren eller reiskapen. Med John Deere AMS Drone kan køyringa planleggast enda meir på forskot. Er der eit felt på åkeren der ugrasmengda er under grenseverdien, eller om der er blaute område, styrer elektronikken sprøytetraktoren utanom desse områda. Om gjødselsensoren ser at du har nok gjødsel til å køyre ut heile draget om traktoren hoppar over spor E og heller tar spor G, så kan du køyre og fylle gjødselspreiaren utan å starte omatt midt inne på åkeren. Kartlegging av avlingsnivået bidrar til å justere køyrefarten på traktoren eller treskaren ved haustearbeid. Ved parallellkøyring med haustemaskiner vil drona følgje med på fyllinga i hengaren og justere køyrefarten på traktoren slik at lasset vert jamt fylt, vekselvis med at den passar på å styre traktoren slik at ikkje uhausta grøde blir trakka ned.
Du gir ordre, automatikken fiksar resten
Brukargrensesnittet er enkelt. Når du svingar inn på ein ny teig, kan du velje å køyre i dronemodus. Så vel du kva funksjonar du vil at drona skal hjelpe med, og resten går av seg sjølv. Som ei flaggermus registrerer drona sjølv hindringar som skog langs åkerkanten, hus og straumledningar, så den styrer unna slikt.
Sikkerheitskamera
Store traktorar og treskarar har i dag 360-graders kamera, men ikkje bak reiskapen. I tryggleiksmodus kan drona nyttast som oversiktskamera, enten rett over traktoren, eller frå ein bestemt kant. Den vil då følgje rørslene til traktoren, akkurat som dronene som vert brukte av ekstremsportutøvarar.
Programvaren vil reagere om til dømes born eller dyr blir detekterte i faresonene kring maskina. Bilete frå drona blir også overført direkte til ein skjerm i traktoren eller treskaren.
Under slått på teigar der det er fare for rådyrkalvar eller anna i graset, kan drona avsløre om der ligg dyr gøymde i graset, og traktoren stoppar i tide, slik at føraren kan gå ut og berge unna dyret.
Klar for førarlause maskiner
Ei drivkraft i utviklinga av dronesystemet er å posisjonere seg for førarlause maskiner. Teknologien for førarlause maskiner er på plass. Utfordringa er å finne gode nok tryggleikssystem. I staden for å bygge inn heile traktoren med kameraløysingar, vil drona gi ein betre tryggleik. Den kan både få eit overblikk høgt oppefrå og dekkje eit stort areal, for å klarlegge kor den beste køyreruta vil vere, og den kan tene som deteksjonskamera både framom og bakom traktor og valfri reiskap. Nær sagt eit flygande ryggekamera. Slepper du traktoren laus utan førar for å harve åkeren, vil drona halde situasjonen under oppsikt heile tida, og stoppe traktoren straks om den ser fare.
Fleire kamerasystem
Reint teknisk er drona ganske ordinær: Seks armar med dobbelt sett propellar på kvar arm. Den er utstyrt med vanleg kamera og infraraudt kamera. I tillegg kan den utstyrast med 3D-kamera og radar av ultralyd-typen. LED-lys er standard for å ha kontrollerte lysforhold heile døgnet. Flyginga er heilautomatisk og GPS-basert.
Automatisk batteriskifte
Maksimal flytid for drona er 30 minutt, mens oppgitt ladetid er om lag 20 minutt. For å kunne arbeide kontinuerleg, er dokkingstasjonen utstyrt med dobbelt sett batteri til drona. Drona kan lande og ta av mens traktoren er i fart. Når drona står på taket vert den låst fast. Er det behov for nytt batteri, blir dette skifta automatisk. John Deere melder at batteriskiftet tar omlag eit minutt.
Databehandling i traktoren
Drona er kopla opp mot traktoren via eit lukka trådlaust nett, på same måte som ei vanleg drone. Dermed skjer databehandling og informasjonsutveksling mellom drone og traktor i sanntid, utan at informasjonen treng å gå via noko tredje ledd. Traktoren kan på si side vere kopla opp mot John Deeres ulike system for presisjonslandbruk.
Registreringane som drona gjer kan lagrast permanent (til dømes grenser for ytterkant på teigar og faste hinder) eller berre fram til heile teigen er bearbeidd. Til dømes vert data for plassering og mengda biomasse i strengen etter slåmaskin eller rive sletta når graset er samla inn av snittar, presse eller lessevogn.