MF 8480 vart årets traktor i Europa

Resultatet frå kåringa av årets traktor er klart: MF 8480 vann. Valtra C 150 fekk prisen for beste design. Ein modell frå New Holland vann klassen for beste spesialiserte traktor.

Publisert

Massey Ferguson sin nye toppmodell vart klar akkurat i tide før kåringa, og det er ikkje tilfeldig.

- For oss betyr dette svært mykje. MF har vore nede i ein bølgedal, og no meiner vi at vi skal vere på veg oppatt. 8400-serien er vårt nye flaggskip, og vi jobba målretta for å få den ferdig før Årets traktor skulle kårast. Difor er vi svært glade for resultatet, ikkje minst på bakgrunn av at vi konkurrerte mot fem andre gode kandidatar. Vi trur det er med på å vise at vi er på rett veg, seier Gary Collar, ein av toppsjefane i MF.

MF 8480 har trinnlaus transmisjon, og minner på mange måtar om ei forstørra utgåve av den trinnlause 7400-serien. Den er på si side søsterserien til populære 6400.

Valtra C 150 vann designprisen. C 150 er ein variant av M-serien, men konstruert med utvendig dieseltank, tilbaketrekt motor og dermed framakslingen lenger fram, for å seie det heilt enkelt. Den svært kompakt i høve til effekten frå den firesylindra motoren.

Bedre Gardsdrift er norsk representant i juryen. Du kan lese meir om resultata, traktorane og ikkje minst om Bedre Gardsdrift-lesarane si kåring av sin favoritt i Bedre Gardsdrift nr. 10 2004, som kjem ut i passe tid før jul. Vi kan røpe at lesarane våre har ein annan favoritt enn traktoren som vann den europeiske kåringa.

Du kan laste ned Bedre Gardsdrift nr. 10/2004 her.

"
Powered by Labrador CMS