gunnar thorud 2013

Tilpassar A-K til framtida

Framtida treng både landbruk og landbruksmaskiner. A-K-sjef Gunnar Thorud er optimistisk. Men alt kan ikkje vere som før. Nokre avdelingar vert lagt ned, og sentralt blir det endringar.

Publisert

A-K maskiner er landets nest største traktorimportør.

Like over nyttår kom meldinga om at A-K-avdelingane på Leira, Rudshøgda, Seljord og Vik vert lagt ned, som eit ledd i ein større prosess. Strategien er færre og større avdelingar. – Vi kan sjå på endringane i landbruket og overføringane over statsbudsjettet. Med mindre pengar i omløp vil det bli kjøpt færre maskiner. Færre bruk gir færre kundar. Då vil det vere feil av oss å halde oppe eit like stort apparat i år etter år, forklarer administrerande direktør Gunnar Thorud til Bedre Gardsdrift.

Til beste for kundane

" Thorud innser at det kan bli misnøye dei områda som mistar den næraste maskinforhandlaren sin, men meiner bestemt det ville vore verre både for kundar og firma om ikkje slike grep vart tekne. – For nokre år sidan såg vi eit fall på 1500 traktorar på tre år. Utan at eg vil framstå som nokon pessimist, trur eg ikkje botnen er nådd for nedturen vi no er inne i. Samstundes er vi i ein bransje med høge faste kostnader. Om vi ikkje tilpassar utgiftene til inntekstpotensialet, går det oss dårleg.

Satsar på servicebilar

Noko som ikkje har fått mykje omtale, er at A-K maskiner har skifta ut dei fleste servicebilane sine gjennom dei siste 5–6 åra. Den rullande flåten skal no halde høg standard, og planen er å styrke denne delen av servicearbeidet enda meir. – Vi legg opp til å køyre gode serviceruter i alle område der det ikkje fell seg naturleg å ta traktoren inn for service. Skal vi ha suksess, er det ikkje marknadsandel på nytraktorar som er målestokken, men kvaliteten på service og deleforsyning.

Små avdelingar er sårbare

Berre det å bemanne ei lita avdeling gjennom heile året gjer den sårbar. Alle tilsette har krav på fem veker ferie, og i tillegg kjem stundom sjukmeldingar og permisjonar av ulikt slag.– Det seier seg sjølv at det er krevjande å gi eit fullverdig tenestetilbod heile tida på ei avdeling med få folk. Sånt er lettare å handtere der fleire kan dele på arbeidet. Større avdelingar vil også ha lettare for å kunne tilby erstatningsmaskiner mens dine eigne maskiner er på verkstadbesøk.

Forhandlarane er friare

A-K maskiner har ein struktur med avdelingar som er eigde av A-K, der alle som arbeider er tilsette. I tillegg kjem ein del forhandlarar. Der er eigaren som regel involvert i drifta, og det einaste bandet til A-K maskiner er ein avtale med visse rettar og plikter.Thorud har ingen planer om å gjere noko med desse forhandlarane. – Så lenge avtalen mellom A-K maskiner og den enkelte forhandlaren er oppfylt, kan forhandlarane drive så stort eller smått som dei vil.

Vil snu dårleg resultat

Landbruket er i endring, og det må vi ta konsekvensen av, seier A-K-sjef Gunnar Thorud.

Både 2013 og 2014 vart dårlege år for A-K maskiners økonomi. I 2013 vart resultatet 19 millionar i minus før skatt. Tala for 2014 er ikkje klare enno. I 2011 og 2012 gjekk selskapet med kring 17 millionar i pluss. Likviditeten og soliditeten til selskapet er god og omsetninga stabil, viser offisielle rekneskapstal.

Startar å feie frå toppen av trappa

– Avdelingar vert lagt ned, samstundes som A-K dei seinare åra har tilsett fleire nye folk sentralt. Vil der bli tiltak på importleddet som ein del av innsparingane?– Ja, definitivt. Vi er i ferd med å slanke sentralleddet. Eg kan ikkje gå inn på detaljane, men vi ser på alle ledd i organisasjonen, forsikrar Thorud.

Må jobbe meir effektivt

Kundane er pressa på tid, og har tøffare krav på seg for å drive med god økonomi. I ein slik situasjon meiner A-K-sjefen at også maskinbransjen må skjerpe krav og rutinar. – Vi må lære oss å jobbe meir effektivt. Generelt har alle som driv med landbruksmaskiner vore ganske snille, trass i at det er ein beinhard bransje. Alt i 2008 tok vi dei første grepa, som til dømes å krevje oppgjer for selde maskiner før utlevering, i staden for å legge ved ein faktura i førarsetet. Det sparer både oss og kunden for unødig heft i etterkant.

Anlegg nyttig supplement

– Drifta er dei seinare åra utvida med anleggsmaskiner. Frå før har A-K både utandørs- og innandørsmekanisering. Vil alt dette bli vidareført? – Satsinga på anleggsmaskiner er eit nyttig supplement. Sjølvsagt har ei slik satsing ein oppstartkostnad, men den gir ei breidde som vil betale seg, meiner Thorud. – Vi ser regelmessig gjennom produktportefølja vår. Vi kan ikkje drive med ting vi ikkje tener pengar på, for nokon må betale for det. Som for alle firma av vår type vil det til sist vere bonden som betaler prisen. Vi har spissa forretningsområdet for rekvisita og butikkvarer. Det har inga meining om vi skal konkurrere med kjøpesenterbutikkar om enkle butikkvarer, men derimot er vi sterke på proffutstyr for hage og grøntpleie, og slikt som er naturleg å selje for ein maskinforhandlar. Der er ingen produktsegment som står i faresona no, men vi vil halde fram å trimme sortimentet vårt, forklarer Thorud.

I-mek under "reiskap"

Av andre endringar nemner Gunnar Thorud at forretningsområdet i-mek vert lagt under "reiskap" heretter. Omsetninga her utgjer ein liten andel av A-K maskiners drift, men leverandørar som Gea og Reime står stadig stødig.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS