En oransje Valtra Unlimited traktor i snøen.
Valtra Unlimited.

Skreddarsaum utan grenser

Vil du ha det, så får du det. Så sant det er lovleg. Det er vilkåra for Valtras nye skreddarsaum, der du får traktoren levert frå fabrikk med akkurat det du vil av utstyr.

Publisert

Du kan få kva farge som helst, det du vil av lys, og som her, til dømes underliggande brøyteskjær, ferdig montert frå fabrikk.

Valtras skreddarsaum er ikkje lengre avgrensa av kva som står i menyen du kryssar av i når du skal kjøpe traktoren din. Heretter er det berre fantasien som set grenser.

Systemet, kalla Valtra Unlimited, blir presentert på Agritechnica og vil vere tilgjengeleg på modellar i seriane N og T. Først for finske kundar ein liten innkøyringsperiode, men ganske snart også for alle andre.

Frie tøyler

Traktorane med standard skreddarsaum er som før kjernen i Valtras leveransar. Plukk det du vil frå ei liste, så får du prisen der og då, og ein ferdig traktor kjem heim på tunet til deg, med fabrikkgaranti på heile greia. No går Valtra eit steg vidare. I eit eige bygg på fabrikkområdet har ei gruppe medarbeidarar fått frie tøylar til å utruste traktorane med ting som ikkje står i menyen, men som kundane ynskjer. 

– Ideen kom då vi fekk ei avtale med det finske forsvaret. Dei skal mellom anna ha traktorar som er kamuflasjelakkert, med svarte felgar og med geværhaldar inni, fortel Valtras representantar til Bedre Gardsdrift. 

– Då fekk vi lyst til å strekke oss lengre også for andre.

Billegare, og garantert

Litt av poenget med å gjere jobben med ymse tilleggsutstyr på fabrikken, er at det mest truleg blir billegare enn om forhandlaren skal klargjere traktoren for deg. Er der ting som kan takast alt inne på linja i fabrikken, kan det gjerast der. 

Dessutan har alt som passerer ut frå fabrikkporten hos Valtra garanti frå Valtra, også det som er lagt til på ein Unlimited-traktor. Og alle delane står i dokumentasjonen, så Valtra tar ansvar for å skaffe reservedeler om noko skulle gå gale. 

Dessutan får du ein samla pris på heile traktorleveransen. Har du heilt vanlege ønske, kan kanskje seljaren gi deg svar på prisen like fort som før, men er det snakk om meir spesielle prosjekt, blir det kan hende eit par rundar fram og tilbake før prisen er klar. I alle høve veit du prisen før du signerer avtalen.

Nyttig og unyttig

Kva med originalmontert alkolås på din nye finske traktor?

Typiske ting som kan bli montert på Unlimited-verkstaden er skogskran, underliggande brøyteskjær, ryggekamera, spesielle hydraulikkløysingar og ymse ekstralys. Dette er ting som er såpass vanlege at det til og med kjem ei eiga prisliste på det. 

Valtra nemner vidare til dømes dieselvarmar, automatisk brannsløkkingsanlegg eller alkolås, som blir kravd av enkelte offentlege kundar. 

– Så kan du jo også få lakkering akkurat som du vil, lysbjelke på taket, arbeids- og varsellys kor som helst, sota ruter, plysjmatte på golvet, kromdetaljar, skinnsete, stereoanlegg, pigga hjul, blondegardiner eller belte i staden for hjul. Alt kva fantasien måtte ønske. Berre traktoren lar seg typegodkjenne og kan brukast på lovleg vis.

– Så om ein kunde ynskjer gul gps-kule på taket, kan han få det?

– La oss no ikkje bruke slike fargar i eksempelet, men det lar seg gjere. Om same kunden vil ha rosa sete, fiksar vi det og, smiler Valtras representant. 

Tydeleg merking

– Poenget er at utstyret som blir levert med traktoren ikkje er avgrensa til standard Valtra-komponentar. Vil kunden ha frontlastar av anna merke enn kva vi tilbyr, så versågod, den blir levert garantert og fabrikkmontert frå oss. Dette er heilt unikt i bransjen.

For å vere sikker på at kunden forstår at ho eller han får noko spesielt, er alle Valtra Unlimited-traktorar leverte med golvmatte, setetrekk, senterkopp i rattet og merke i grillen med Unlimited-logoen.

Powered by Labrador CMS