McCormick ZTX
McCormick ZTX

McCormick til Italia

Argo-gruppa har bestemt at all traktorproduksjon heretter skal skje ved ein fabrikk. Det betyr at monteringa av McCormick blir flytta frå Doncaster i England til Italia. Modellspekteret blir ikkje endra.

Publisert

Argo-gruppa, som eig McCormick, Landini, Laverda, Fella og ymse andre merke, har bestemt seg for å rasjonalisere traktorproduksjonen.

Bakgrunnen er det stadig fallande traktorsalet globalt, både i tal traktorar og i verdi. Konsernets traktorfabrikk i Italia, som primært byggjer Landini, har så stor ledig kapasitet at det er plass til McCormick der.

Dagens McCormick-fabrikk er ei rein monteringslinje. Transmisjonane kjem frå konsernets eigen fabrikk i Frankrike. Motorane kjem primært frå Perkins og Cummins, og alle andre komponent er kjøpte av underleverandørar. Flyttinga treng difor ikkje bety at det blir endringar på produktet.

Hovudsete framleis i Doncaster

Anlegget i Doncaster vil framleis vere Argo-gruppas hovudsete i Nord-Europa, og senter for deler, serviceopplæring og marknadsføring.

Svein Storihle hos McCormick-importør Lena Maskin seier at han tviler på om endringa får noko å bety for norske kundar.- Alt i dag kjem 30 prosent av traktorane vi leverer frå Argos italienske traktorfabrikk. Vi er godt nøgd med kvalitet og leveringspresisjon på desse. For oss er det ein fordel å få alt levert frå ein plass. I og med at Doncaster er ein rein monteringsfabrikk, går vi ut frå at flyttinga vil gå utan store komplikasjonar.

Flyttinga vil skje i løpet av 2007. 350 tilsette i Doncaster blir råka av endringane.

Total italiensk sammensmelting?

McCormicks traktorprogram omfattar i dag traktorar under 100 hk produsert ved Landinifabrikken, og vidare engelskbygde CX, MC, MTX, XTX og ZTX. Dei tre førstnemnde av desse baserer seg på traktorseriane CaseIH hadde før produksjonen vart seld til Argo i 2001.

Dei større modellane er utvikla etter det, samstundes som McCormick har klart å oppnå ganske brukbare marknadsandelar i Europa. Dei seinare åra har vi sett stortraktorane frå McCormick også med blått panser og Landini-logo. Det er difor grunn til å spørje seg kor lang tid det går før dei to merka gjennomgår ei total italiensk samansmelting, slik vi til dømes ser hos Same Deutz-Fahr Group, der identiske traktorar blir selde under fire namn.

Powered by Labrador CMS