prøvekøyring MF 5400

Test eller prøvekøyring?

Er det nokon skilnad på å teste eller prøvekøyre ein traktor? Ja, meiner BG-redaksjonen.

Publisert

Når du les Bedre gardsdrift eller gardsdrift.no, kan du merke deg dette: Vi skriv svært sjeldan at vi har testa noko. 

Om du er fast lesar av Bedre gardsdrift, har du kanskje lagt merke til at vi skriv om både testar og prøvekøyringar. Men kva er egentlig skilnaden?

Sånn er ein test

Ein test meiner vi er ei svært omfattande sak, som er temmeleg ressurskrevjande, men som også gir eit mest mogeleg objektivt resultat som du verkeleg kan stole på. I kvar andre utgåve av Bedre Gardsdrift presenterer vi ein traktortest som vi kjøper frå vår tyske kollega Profi, med måleresultat frå teststasjonen DLG. Dette er nok dei mest anerkjente traktortestane i Europa. I tillegg til at vi får testane omsett av ein teknisk kyndig medarbeidar, blir testane gjennomgått av ein av våre journalistar med kjennskap til traktoren. Dette som ein kvalitetskontroll, og for å sikre at det som står skrive er aktuelt for våre lesarar. Resultat, poeng og konklusjonar endrar vi sjølvsagt ikkje.

Vi gjennomfører også eigne tester. Dei fleste gjer vi saman med kollegaer fra leiande fagblad innan landbruksteknikk i Danmark, Finland og Nederland. Nokre gongar gjennomfører vi dei åleine eller i samarbeite med til dømes Norsk Landbruksrådgiving. For å gjennomføre noko slikt må det til grundig planlegging, mange målingar og kalkulasjonar, og presis utføring. Reknar vi på det totale talet arbeidstimar som er lagt ned, snakkar vi ikkje om dagsverk, men om halve eller heile månadsverk.

I Bedre Gardsdrift skal ein test vere grundige greier, med andre ord.

Sånn er ei enkel prøvekøyring

Når det blir presentert nye traktormodellar, hender det at vi får desse presentert med høve til å prøve traktoren. Dette skjer gjerne på ein åkerlapp nede i Europa, med ein ferdig montert og justert reiskap og ein mann frå produsenten på passasjersetet som skryter jamt mens vi prøver å finne ut mest mogeleg på våre tilmålte minutt. Då hender det at vi skriv at vi har prøvd eller prøvekøyrd noko.

Klart at vi får eit inntrykk av maskina på den tida. Sånn sett har vi høve til å seie om det er omlag bra eller kanskje dårleg, og vi ser detaljar vi trur lesarane våre kan ha nytte av, eller ting vi saknar. Dette er mykje betre enn berre å sjå ein presentasjon av maskina. Likevel er ikkje ei enkel prøvekøyring frå oss noko å legge avgjerande vekt på om du skal kjøpe ny traktor, treskar eller slåmaskin. Dette er meir å sjå på som eit førsteinntrykk. Betre enn brosjyra, vil vi meine, men langt frå nokon test.

Sånn er ei grundig prøvekøyring

I tillegg til enkle prøvekøyringer i forbindelse med lanseringer, gjennomfører vi også atskillig meir omfattende prøvekøyringer. I slike høve får vi låne ein traktor over fleire uker frå den norske importøren. Da køyrer vi traktoren i fleire titalls timar og i ulike operasjonar. Det hender óg at vi prøvekøyrer eit redskap, som til dømes ei vedmaskin eller ein plog.

Dette gjev oss nok tid til å gjere oss opp ei meining om traktoren, til å lære han å kjenne, og oppdage kva han har av irritasjonsmoment og lure løysingar. Desse grundige prøvekøyringane er fortsatt ikkje ein test, for me gjer ingen tekniske målingar, men dei gjev oss mykje betre inntrykk av ein traktor enn når vi berre køyrer rundt på eit jorde i nokre minuttar. 

Vi gjer feil, vi også

Vi veit at vi ved eit par høve har omtalt prøvekøyringar som test, kan hende mest for å få overskrifta til å bli betre. Ta det som eit teikn på at vi er menneske. Vi gjer våre feil. 

Forresten, før du klikkar deg vidare på sidene våre: Takk for det store engasjementet kring det vi skriv. Det er inspirerande og artig å lage blad og nettside når så mange bryr seg om det vi gjer.

Avsnittet om tester ble oppdatert og avsnittet om grundige prøvekjøringer ble lagt til februar 2024.

Powered by Labrador CMS