traktoroversikten på nett

Traktoroversikten er på nett!

Den mest omfattande samlinga av data på nye traktorar som nokon gong er presentert her i landet, og dette i ein søkbar database. Velkomen til Bedre Gardsdrifts traktoroversikt på nett!

Publisert

Berre så det er sagt: Hipp Hurra!Dette har vi hatt som mål sidan www.gardsdrift.no vart lansert i november 2000, og endeleg har vi funne ei løysing vi meiner held mål.For deg som ikkje klarer å vente til du har lese heile artikkelen: Her er traktoroversikten vår på nett!

"

Her er alt, og her blir det

For første gong er alle data frå alle leverandørar samla i ein stor felles søkbar traktoroversikt. Her blir dei liggande, slik at du i framtida kan bla deg tilbake og bruke informasjonen når du leitar etter brukttraktor.Merk deg at du ikkje treng å logge inn eller registrere deg nokon plass for å bruke oversikten. Her har du fri tilgang til alt frå første søk!

Spesialtilpassa traktor

Bedre Gardsdrift har oppretta traktoroversikten frå våre eigne idear, og vi har utvikla den frå grunnen av saman med vår programvareleverandør for nettsida. Med andre ord er databasen skreddarsydd til traktor, med løysingar vi trur lesarane våre kan ha nytte av.Det må også nemnast at vi ikkje har funne noko med tilsvarande funksjonalitet på andre europeiske landbruksnettsider.

Takk til leverandørane

Datagrunnlaget som er samla inn er svært omfattande, og vi sender ei stor takk til alle traktorleverandørane som har lagt ned ein stor innsats i å samle data og elles gi innspel i utviklinga av databasen.

Ris og ros

Sjølv om vi har brukt mykje tid på å sjekke innsendte data og på å prøvekøyre databasen, kan vi ikkje garantere at alt er fritt for feil. Oppdagar du noko som ikkje stemmer, ber vi deg straks ta kontakt med jogeir@vanebo.no. Nokre feil kan la seg rette fort og greitt, mens andre truleg må vente til neste store oppdatering av traktoroversikten.Om du oppdagar noko du meiner manglar, sender du ei melding. Vi skal gjere vårt for å halde oversikten oppdatert og korrekt.Har du andre innspel, kan du gjerne legge inn ei melding i kommentarfeltet under her, eller drøfte det i debattforumet.

Utviklinga held fram

Som vi tidlegare har skrive, var 2007 eit veldig triveleg år for oss med den gode utviklinga på gardsdrift.no. Besøkstalet er stadig i kraftig vekst, og brukarane våre er på besøk oppsiktsvekkande lenge om gongen.Vi held fram arbeidet med å gjere www.gardsdrift.no betre. Vi kjem altså ikkje til å gi oss med utviklingsarbeidet no som traktoroversikten er på lufta - her skal ressursane inn på vidareutvikling av andre deler av nettsida vår.Er du på gardrift.no, er du der det skjer.

Powered by Labrador CMS