Om du berre treng å leige harva av naboen, kva betaler du? Vil du at den prisen skal vere å finne i BG i framtida, gjeld det at alle bidrar!
Om du berre treng å leige harva av naboen, kva betaler du? Vil du at den prisen skal vere å finne i BG i framtida, gjeld det at alle bidrar!

Mot slutten for sololeigeprisar?

Bedre Gardsdrift har svært godt tilfang av prisar på leigekøyring. På maskinleige, også omtalt som sololeige, er det mykje lengre mellom tala.

Publisert

Mange av prisane på leige av enkeltreiskapar byggjer på lister frå maskinringar og tilsvarande, der den eine etter den andre har lagt ned listene sine, og dei få som er att vert sjeldnare oppdaterte. I 2016 vart ingen av dei attlevande store listene frå maskinringane justerte. Det er forklaringa på at justeringane i denne delen av prislista er vesentleg mindre enn på leigekøyring.

Hugs at det å sende inn ein einaste pris kan vere til stor hjelp. Om fire andre tenkjer det same om same maskina, er vi kan hende i mål.

Færre kjelder = stuttare liste

I fjor var vi også nøydd til å ta ut 26 prisar frå denne delen av lista, på grunn av manglande kjeldemateriale. Mange av dei som er att heng i ein tynn tråd. Bedre Gardsdrift fin ikkje på prisar sjølv, vi er avhengige av å sjå kva prisar som er i marknaden for å kome fram til dei tala vi publiserer.

Er dette viktig for deg? Meld ifrå! Ingen er for liten her

Slik utviklinga er no, er det ikkje statistisk forsvarleg å halde fram i mange år til med sololeige-delen av lista slik den er i dag.

Er dette ein del av prislista som du nyttar deg av, er det fint om du melder ifrå til oss om korleis den blir brukt, og du kan gjerne seie kva du ynskjer i framtida. Å seie at "Eg brukar lista som den er, på reiskap A og C og F, men på F burde prisen vore 40 kroner høgare" – det vil vere til stor hjelp for oss!

Det aller viktigaste for å berge solo-prisane er at du melder inn dei prisane du tar eller betaler for leige av enkeltmaskiner. Du kan gjere det enkelt ved å velje eit av desse alternativa:

  1. Last ned Excel-arket som du finn ute til høgre. Fyll ut alt du har av aktuelle prisar der, lagre det og send det til oss. Forklaring på korleis du gjer det finn du når du opnar dokumentet. Dette er den klart mest effektive metoden for oss. Dette er enkelt å få til, så ver ikkje redd om du ikkje kan så mykje data frå før!
  2. Fyll ut skjemaet under og klikk på "send". Stort enklare kan det ikkje gjerast.
  3. Har du ei prisliste frå før, kan du enten laste den opp nederst på denne sida, eller sende den til jogeir@askmedia.no.
  4. Om du sende oss prisar i fjor og ikkje endrar desse for 2017, er det veldig fint om du melder ifrå om det.

Same korleis du gjer det: Vi vert glade og takksame, og du veit med deg sjølv at du har bidratt til noko som er viktig for veldig mange norske bønder! Som takk for hjelpa trekkjer vi ut ein liten stabel Flaxlodd mellom dei som har bidratt.

Eigenleg hadde svarfrist på dette onsdag 22. februar. Men vi har fått inn såpass mange leigekøyringsprisar at vi må arbeide dag og natt for å handtere dei, og då rekk vi å ta imot litt meir i mellomtida. Og vi har vore snille og gitt utsett frist til alle som er på vinterferie. Men i løpet av helga bør ting vere på plass!

Skjemaet under kan brukast både for leigekøyring og for sololeige. Om du fyller ut dette, er det fint om du hugsar desse detaljane (i excel-skjemaet er det mindre behov for slik pressisering):

  • Kor stort er utstyret (der det er relevant) - arbeidsbreidde, effekt osv
  • Gjeld prisen pr. time/dekar/ball eller anna?
  • Pressiser dersom prisen gjeld maskinleige (utan førar)

Bedre Gardsdrifts maskinleigeprisliste vart etablert i 2003, og er oppdatert og vidareutvikla kvart år etter det. Dei seinare åra har lista omfatta prisar på kring 500 arbeidsoperasjonar og reiskapar, alt frå pløying, rundballepressing og brøyting til klauvskjæring og åtekalking med snøscooter. Det finst ingen andre tilsvarande detaljerte prislister for landbruk og tilgrensande arbeid.

Prislista byggjer på innmeldte prisar frå fleire hundre kjelder over heile landet, og avspeglar prisnivået i marknaden.

I tillegg til at Bedre Gardsdrifts prisliste for maskinleige og leigekøyring er svært mykje brukt av bønder over heile landet, er den også bruk ved budsjettering i søknadsprosessar, ved forsikringsoppgjer og grunnoppgjer, i rettsprosessar og til undervisning og forsking.

Lista er heilt og fullt utarbeidd av Bedre Gardsdrift, og er berre tilgjengeleg i den trykte utgåva av bladet, som dei over 17 700 abonnentane våre får direkte heim i postkassen sin. Om også du vil abonnere, klikk her!

Relaterte dokumenter

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS