Moline Universal D
Denne modellen er en Moline Universal D, som kom litt senere.

Moline universal modell B, 1917-modell

"Jernhesten er saa sterk som fem hester, saa utholdende som sju, koster mindre end fire, kræver mindre plads og pasning enn en hest, og den æter kun mens den arbeider."

Publisert

Denne typen traktor var den første som kom til Rogaland, og det gjorde den same året som Henry Ford lanserte sin traktor, den som skulle bli grunnlaget for traktorane slik vi kjenner dei i dag.

Traktoren vi ser på biletet har Jærmuseet kjøpt i England, og museumshandverkar Sverre Skjæveland har restaurert han. Men modellen er identisk med den første traktormodellen som kom til Rogaland. Kommunegarden i Stavanger fekk ein slik i 1917, til ein pris på 7000 kroner. Traktoren vart importert av Eik og Hauskens Maskinforretning, før det firmaet vart flytta til Oslo.

Lanseringa trakk folk

Første gongen ein Moline Universal vart demonstrert på Jæren, var så vel storbønder, som pressefolk og borgarmeisteren i Stavanger til stades. Om traktoren fekk tilnamnet motorplog, vart han også mykje nytta til tresking og pressing av høy.

I 1917 vart den firesylindra Moline D introdusert, bygd på same prinsippa som modell B. Men modell D skilte seg ut med å vere den første traktoren i verda med sjølvstartar og elektriske lys. Det var til og med arbeidslys over plogen. Denne modellen vart i Noreg marknadsført som «Jernhesten», eit namn som vart måla på radiatoren.

Jernhesten

Eik og Hauskens Maskinforretning reklamerte for Jernhesten på denne måten:

MASKINDRIFT er tidens løsen i landbruket! At folkehjælp er baade dyr og vanskelig at faa er nok alle gardbrukere opmerksom paa, men kun faa har vel riktig tenkt over og regnet efter, hvor dyr hestekraften egentlig er. Edison har sagt at "hesten er den daarligste motor, som nogensinde er bygget. Den æter 5000 kg fôr om aaret, og allikevel er dens virkningsgrad som motor bare 2 %.

Etter å ha sverta konkurrenten på denne måten, blir Jernhesten presentert slik: Den er saa sterk som fem hester, saa utholdende som sju, koster mindre end fire, kræver mindre plads og pasning enn en hest, og den æter kun mens den arbeider.

Krig og blokade gjorde importen vanskeleg, og truleg var det berre få av dei som tinga seg jernhest som fekk den.

Powered by Labrador CMS