Teknikkmøtet blei arrangert fyste gong i februar 2020. I år blir møtet arrangert digitalt.
Teknikkmøtet blei arrangert fyste gong i februar 2020. I år blir møtet arrangert digitalt.

NLR køyrer på med nytt teknikkmøte

Norsk Landbruksrådgivning tek opp at tråden frå 2020, men i år blir møtet digitalt.

Publisert

– No som økonomien i landbruket blir stadig meir pressa, er det viktigare enn nokon gong å gjere dei rette vala, og gjere ting på rett måte. Verdien av å fylle på med kunnskap går opp i takt med prisauken på innsatsmiddel, seier Sanna Krüger Persson.

Ho er rådgivar i NLR Trøndelag og leiar for programkomiteen.

Digitalt møte

Håpet var å kunne gjennomføre eit fysisk møte slik som i 2020 da teknikkmøtet ble arrangert for fyste gong. Den gongen trakk arrangementet 300 deltakarar.

Grunna usikkerheita rundt koronasituasjonen har NLR valt ei digital løysning i år. Det opnar for at også dei med lang reiseveg kan delta utan store kostnadar.

Allsidig program

Arrangementet er fordelt over fire dagar (1., 3., 7. og 9 februar) der kvar dag har sitt eige tema. Det skal i år handle om ny teknologi i perspektiv, smart køyring og variert innsats, gjødsel – den nye valutaen, og moderne (?) bruk av jord. Alt sett frå ei meir teknisk vinkling sjølvsagt.

Foredragshaldarane er ein miks av rådgivarar, forskarar og andre fagpersonar. I tillegg blir det foredrag av framsynte bønder, som Erlend Lundeby, som du kunne lese om i Bedre Gardsdrift nr. 5/2021 og Knut Erik Hersleth, som vi skrev om allereie i BG nr. 5/2010. Begge intervju finn du som abonnent i eMagasin, det digitale arkivet vårt.

Powered by Labrador CMS