Et juletree rullet inn i en plastsekk med en haug nåledryss ved siden av.
Frå midtpunktet i stova til plagsomt avfall. Få opplever vel så stort fall i status som juletreet.

Kast jula ut – i sekk

Tjuandedag-Knut feiar jula ut, og botnlaus sekk er eit godt alternativ til lang tids støvsuging i gangen. Vi gir ordet til skogforskarane.

Publisert

Lengre tids fagleg arbeid ved Bedre Gardsdrifts vestlege forskingsinstitutt har endeleg gitt resultat klart for offentleggjering i faglege publikasjonar: Bossekk utan botn er ein tilrådd metode ved utkast av juletre.

Heil busk = ikke lurt

Tidlegare forsøk med fjerning av komplett tre med varsemd, men utan andre tiltak, har gitt dårlege resultat langs distansen frå stove til ytterdør, og aktiviteten har vore sporbar også utandørs i lengre tid. Løysinga er einast å rekne som positiv for støvsugarposebransjen.

Kvisting = tungvindt

Likeins har metoden med kvisting med langarma greinsaks på ståande juletrefot for påfølgjande uttransport i smådeler vist seg både tidkrevjande og noko urein.

Bossekk = lurt

Mange års forsking utan offentleg støtte har gitt dette resultatet.

Forskingsinstituttet kan derimot tilrå ein metode som rett nok har ein kostnad på ein stk. bossekk. Metoden går ut på at treet først blir frigjort for pynt og lys. Deretter kan du valfritt felle treet og løyse det frå fot, eller gi det eit ørlite løft.

 Til neste trinn treng du ein bossekk, fortrinnsvis glatt og normalt stor type. I denne blir botnen klipt opp, og sekken vert tredd på treet frå rotenden. Slikt arbeid kan gjerne utførast som ei øving i teambuilding i nære relasjonar på tampen av jula, men det også gjennomførbart åleine. 

Forutan å redusere omfanget av treet før vidare transport, bidrar løysinga til sterkt nedsett nedfall av nåler under sjølve transportetappen.

Heller sekk enn nett

Den tilrådde metoden kan minne noko om såkalla juletrenett, eit fenomen sjeldan sett på sjølvhogde juletre i rurale strøk, men med den skilnaden at det her vert nytta glatt sekk i staden for nett. Forskingsinstituttet meiner at det har sine fordelar, då nett i denne for juletreet skjøre fasen lett kan føre til uønska dryss.

For juletreeigarar med buskap i fjøsen, kan juletreet gjerne ta turen om dyra før endeleg kondemnering.

Powered by Labrador CMS