1506reg-graf

Daffe dagar i juni

Det blir liksom aldri noko fart i traktorregistreringane for tida. Årets juni er like svak som fjorårets. Teten er uendra. John Deere har ein god månad, mens Valtra har eit glepptak.

Publisert

Etter nok ein solid månad stadfestar John Deere viljen til å vere marknadsleiar, med kring 30 prosent. Tilbakekomsten frå det svake fjoråret varer ved. Massey Ferguson er tilbake 31 traktorar så langt i år, men berre litt over prosenten i marknadsandel. Det er lov å kalle ganske stø kurs med volumet vi snakkar om her. Juni held fram omlag som året til no.

Stødig trass lunken juni

Også Valtra er ganske stødige om vi ser historisk på det. Valtra hadde som du kanskje hugsar temmeleg dårlege resultat i 2014, mens årets tal er meir på det jamne. Juni vart likevel ikkje den heilt store Valtramånaden.

Inga betring for A-K og CNH

Verre er det for New Holland. Det er tøffe tider i A-K om dagen, og registreringstala viser enno ingen teikn på snunad. Ein marknadsandel litt over 10 prosent er langt unna der New Holland ynskjer å vere, og heller ikkje i juni går det særleg mykje betre. At CaseIH gjer det enda dårlegare, og halverer talet registrerte traktorar aldeles nøyaktig frå første halvår i fjor til første halvår i år er inga bragd å skrive heim om. Ikkje ein gong om vi summerer dei to CNH-merka er dei jamstore med Valtra på tredjeplass.

Dei lysegrøne

Fendt tar like mykje av marknaden første halvår i år som første halvår i fjor, og det er passeleg til å sikre femteplass på statistikken. Claas kan notere seg ein solid juni, og har gjennom året fått meir av kaka enn på same tid i fjor. Deutz-Fahr er mindre aktiv med kakegaffelen, og held fram tilbakegangen i juni.

McCormick, Kubota og Zetor

Plass ni og ti går til McCormick og Kubota, begge litt fram frå fjoråret. Zetor må nøye seg med ein svak 11.-plass med sine 20 traktorar, nøyaktig likt med resultatet etter første halvår i fjor.

Full stopp for JCB

Av andre markerte merke noterer vi oss spesielt JCB, som står med ei nyregistrering etter seks månader. Går vi nokre år tilbake, var nivået kring 15 til 20 traktorar årleg.

FK - Eik - Lantmännen

Fordelinga mellom importørane etter halvgått løp er ganske grei å oppsummere, og alle har god klaring både oppover og nedover:1: Felleskjøpa: 450 (29,4 %) 2: Eikmaskin: 394 (25,8 %) 3: Lantmännen maskin: 300 (19,6 %) 4: A-K maskiner: 225 (14,7 %)5: H. C. Petersen (HCP): 72 (5 %)

Ned 500 traktorar

Totalmarknaden er etter eit halvår ned tre prosent/51 traktorar frå første halvår 2014. Summen for siste 12 månader er ned nøyaktig 500 traktorar frå førre 12 månader. Det er ein tilbakegang på 14 prosent. Dette er historisk svake tal, einast undergått av tilsvarande periode i 2009/2010, om vi tar utgangspunkt i dei åra Bedre Gardsdrift har detaljert statistikk for.

Valuta og magekjensle

Vi skal ikkje gi oss inn på noko djup analyse av tilbakegangen. Det er ei kjent sak at forholdet mellom euro og krone har endra seg slik at importerte varer er blitt dyrare. Dette er handtert ulikt av dei ulike importørane, og enkelte får dermed svi hardare enn andre for dette. Det som er likt for alle, er at ein traktor i dag er merkbart dyrare enn ein tilsvarande traktor for eit år sidan. På same tid er det ein generell tilbakegang i traktorsalet over det meste av Europa. Som omtalt i Bedre Gardsdrift nr. 1 2015, der professor Reidar Almås ser på historiske registreringstal, er det elles få logiske landbruksøkonomiske grunnar til denne store tilbakegangen, anna enn mogeleg dårleg magekjensle hos bøndene.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS