Orkel Tilhenger TT100 + JD 6R 2013

Svak nedgang på hengarmarknaden

Orkel er stadig i tet, men går mykje tilbake. Weckman og Foss-Eik held andre- og tredjeplassen. Tume, Gigant, NC-Engineering og Ferrel går alle mykje fram.

Publisert

Det var knytt ei viss spenning til korleis tilhengarmarknaden i 2014 ville ende opp, etter at Felleskjøpet Agri kjøpte Orkels tilhengarproduksjon og overtok salet. Orkels førre kunde, A-K maskiner, tok det andre kortet som var i spel i kabalen, nemleg Tume.

Små endringar totalt

Orkel er stadig størst på traktorhengar, men har tapt volum siste året.

Marknaden for nye traktorhengarar gjekk ned med 3,3 prosent frå 2013 til 2014. Det er ein moderat tilbakegang. Til samanlikning gjekk talet nyregistrerte traktorar ned med 14 prosent, og skurtreskarsalet hadde tidenes dårlegaste sesong. Mange av maskinforhandlarane rundtom i landet melder at bøndene kvir seg på å kjøpe dyre maskiner for tida, men at dei held trykket oppe på vanlege reiskapar. Tilhengarstatistikken stadfestar dette.

Litt upresist

Det må nemnast at tilhengarstatistikken ikkje er like presis som traktorstatistikken. Over seks prosent av tilhengarane er av ukjent merke, og her er også registrert nye tilhengarar på merke som slutta å lage sånt for fleire tiår sidan. Å rydde opp i dette slik vi gjer det på traktor vil vere for stort arbeid til at vi kan prioritere det.

Orkel i minus, FK i pluss

No er fasiten klar: Orkel har gått 14 prosent tilbake (minus 53 hengarar), men det høyrer med til historia at Felleskjøpet går kraftig i pluss på marknadsandel for tilhengar med dette. I tillegg har også Felleskjøpet eit visst sal av Metsjø.

Tume i pluss, A-K i minus

Tume er langt unna å kompensere for bortfallet av Orkel hos A-K maskiner, men har ein viss framgang.

For A-K maskiner er situasjonen motsett: Dei leverer langt færre tilhengarar enn tidlegare, men merket Tume aukar med nesten 40 prosent og klatrar frå niande til femteplass på statistikken. Det skal seiast at dette er ein registreringsstatistikk, som ikkje seier noko om kven som har seld kva tilhengar. Ved skifte av forhandlar hender det somme gongar at gammal forhandlar sikrar seg eit visst lager som blir selt etter at avtalen er gått ut. Slike utslag har vi ikkje sett på.

Weckman tar innpå

Det nest største merket på hengarmarknaden, finske Weckman frå Sisu, har styrka seg i ein svakt fallande marknad, og er no berre 22 tilhengarar bak Orkel.

Eikmaskin stiller sterkt

Foss-Eik er som vanleg på tredje, berre ørlite tilbake. Eikmaskin sel Foss-Eik, og har i tillegg Junkkari i stallen. Dei to har i sum akkurat registrert 300 tilhengarar. Med ein stadig mindre Orkel i tet og svake nummer to-merke hos konkurrentane, får Eikmaskin stadig større grunn til å kalle seg ein av landets største tilhengarleverandørar. Fjerdeplassen går til HCP-ringens Palms, som også må notere ein viss tilbakegang.

Gigant klatrar

På plassen bak Tume finn vi Nils Anton Mørk Maskin sitt merke Gigant. Etter at Østfold-firmaet mista importen av JCB Fastrac, har dei satsa for fullt på eige tilhengarmerke. Sorterer vi statistikken etter kor stor totalvekt som er levert, i staden for kor mange tilhengarar, er Gigant på fjerdeplass. Dei tre i teten held plassane sine uendra.

Store pluss og minus

Frå niandeplass og nedover er det store svingingar, særleg om vi tar omsyn til at mange av merka her har få einingar i utgangspunktet. Hengarmarknaden er spesiell med mange små importørar og forhandlarar. Totalt omfattar statistikken 48 merke, i tillegg til alle tilhengarane der merke ikkje er oppgitt. Dette lar deg kjøpe ein hengar med heilt spesielle eigenskapar, med dei fordelane og risikoane slik handel fører med seg. Frå 2013 til 2014 ser vi både døme på dei som har registreringstalet sitt, og dei som har halvert det.

Powered by Labrador CMS