Dalen 2054 får en sterkere kløyvesylinder.

Dalen 2054 oppgradert

Dalen oppgraderer si velkjende 2054 vedmaskin, mellom anna med sterkare kløyvesylinder som arbeider like fort som den gamle.

Publisert

Med mykje kraftigare kløyvesylinder, og med ein og annan oppgradert detalj her og der, er 10-åringen Dalen 2054 sterk og klar for nye lunner med ved.

10 år gammel modell

2054 vart lansert i 2004, og den 10 år gamle maskina står seg godt. Frå årets modell er kløyvesylinderen oppgradert frå 8,8 tonn ved kraftgang, til 11,3 tonn kløyvekraft. Ved hurtiggang er kløyvekrafta auka frå 5,6 til 7,7 tonn. Samstundes er kløyvesyklusen omlag som før, med 2,9 sekund.

Flere detaljer 

Av andre oppgraderingar nemner vi at hydraulisk uttak for stokkestativ er standard, og det same er sekskløyvingskniv. Lengdemålaren har fått eit betre oppheng, og skjermen bak kløyvaren er gjort om til ei trygg og praktisk løysing.

Dalen minner samstundes om at dei har gjort viktige endringar i fabrikken som også hevar kvaliteten på produkta. Mellom anna har dei tatt i bruk robotstyrt laser og knekkpresse.

Powered by Labrador CMS