Foto: Colourbox

Bønder med gjødselvogner bidro i brannslukkinga i Lærdal

Bønder med tankvogner spelte ei avgjerande rolle i brannsløkkinga i Lærdal i helga. Utan bøndene ville truleg brannen fått eit enda verre resultat, seier brannvernet og Raude Kors.

Publisert

Bergens Tidende fortel historia om Ragnar Tokvam, som klokka 23.15 laurdag kveld får telefon frå politiet med beskjed om å ta med traktor og gjødselvogn og kome seg til sentrum så fort han kan. Tokvam bur fire mil unna, men med JCB Fastrac og flat pedal er han i gang med å sløkke brann 40 minutt seinare.

Brent ned uten bonden

Han køyrer til fjorden, der han får fylt opp vogna, og deretter oppatt til brannstasjonen, som folk frå hjelpekorpset strevar med å berge frå flammane. Med den åtte kubikk store gjødselvogna spyler han vatn på ein liten bygning som står i brann like ved stasjonen og deretter på brennande tre og på bakken rundt.

– Hadde vi ikkje fått hjelp av bonden med gjødselvogna, er eg redd brannstasjonen ville brent ned, seier Øyvind Aarethun Lysne, operativ leiar i Lærdal Røde Kors hjelpekorps til Bergens Tidende.

Jobbet gjennom natta

Også tre andre bønder med traktor og gjødselvogn køyrde skytteltrafikk mellom fjorden og den brennande bygda. Mens vassforsyninga til Lærdal var så overbelasta på grunn av sløkkearbeidet at det tidvis var vanskar med å få vatn til sjukehuset, kunne bøndene med gjødselvognene hente vatn frå den utømelege fjorden.

– At det kom bønder med gjødselvogner var enormt viktig. Dei forflytta seg raskt, og kunne sprute vatn over alt. Det hindra brannen i å spreie seg meir enn den gjorde, seier utrykkingsleiar Asle Figenschau til BT.

Ragnar Tokvam kom uskadd frå godt og vel eit halvt døgns intensivt arbeid i branninfernoet. Ein annan av bøndene som tok del i arbeidet vart innlagt på Førde sentralsjukehus med røykskader.

Les Bergens Tidendes artikkel om Lærdalsbøndene og dei andre heltane den fatale brann-natta her.

Sjekket for røykskader

Sogn Avis fortel om brørne Jens Reidar og Knut Lysne, som var mellom dei mange bøndene som kjempa mot flammane. Dei har nytta gjødselvogn til å hjelpe med å sløkke skogbrann tidlegare. Dei køyrde mellom elva og dei brannråka gatene, og var særleg viktige for å førebygge at det skulle fate fyr fleire plassar enn der det alt brann. Då det roa seg søndags morgon, vart dei henta av amulansen for å bli sjekka for røykskader på sjukehuset.

Også bransjenettstaden www.bygg.no har merka seg bøndene sin innsats. I ein kommentar stiller redaktøren det betimelige spørsmålet: 

Men hva om dette hadde skjedd i en by uten bønder?

Powered by Labrador CMS