Bønder, ordførar og bedriftsrepresentantar framfor rådhuset i Hå kommune.
Bønder, ordførar og bedriftsrepresentantar framfor rådhuset i Hå kommune.

Næringslivet støttar bøndene!

Bedrifter i Hå møtte opp i hopetal på Hå Rådhus for å visa at bøndene og næringslivet elles er avhengige av kvarandre.

Publisert

Bondelaga i Hå mottok torsdag Norges Bondelag si bodstikke og markerte dette på rådhuset på Varhaug. 10 traktorar henta bodstikka frå bondelaga i Klepp og køyrte gjennom sentrum i Nærbø, før dei kom til Varhaug.

Norges Bondelag si bodstikke har tittelen ”Noen må ha beina på jorda” .

Landbruksnæringa er en av våre største næringer med om lag 100 000 arbeidsplasser til sammen i landbruk og landbruksbasert matindustri.

Matproduksjonen representerer en betydelig verdiskaping. I tillegg får vi åpent kulturlandskap, bosetting og aktivitet over hele landet.

Det er 40 kopiar av bodstikka, som skal gå gjennom alle kommunar i landet, og enda opp i Oslo 12.april.

42 representantar frå bedrifter i kommunen møtte opp for å syna sympati med bøndene. Felles for dei alle, er at deira bedrift er avhengig av bøndene og eit aktivt landbruk for sjølv å overleva, samstundes som bøndene er avhengige av varer og tenester frå næringslivet for å halda matproduksjonen i gang.

Bønder holder hjula i gang

Viss matproduksjonen i landet minkar, minkar òg grunnlaget for mykje av næringslivet som finst i bygdene. Bøndene treng, og betaler for varer og tenester hjå veterinærar, røyrleggjarar, elektrikarar, snekrar, betongleverandørar, maskinentreprenørar, maskinselgarar, bank, inseminørar, sjåførar og mange fleir.

Bøndene leverer varer til næringsmiddelindustrien og held dermed liv i slaktarar, fôrprodusentar, tomatplukkarar, reinhaldarar, kontorarbeidarar, for å nemna nokon.

Må ta vare på matjorda

Ordføraren i Hå, Terje Mjåtveit, helsa bøndene og understreka kor viktig det er for ei bygd å ha eit levande landbruk og for eit land å ha sin eigen matproduksjon. Etter tsunamien i Japan og den påfølgjande atomkraftulukka, syner det endå tydelegare kor viktig det er at alle land har eigen matproduksjon. 

Ordføraren påpeika at me må ta vare på matjorda vår. Han ynskte at kvar gong ein byggjer ned jord, må ein finna ein stad å leggja den vekkgravne matjorda, slik at ho kan nyttast til matproduksjon.

Kristin Søyland

Powered by Labrador CMS