for langt

Kvifor gjer vi dette?

Ikkje mas meir om desse trafikkreglane. Vi har aldri hatt problem. Det beste er å teie det i hel, var det ein som skreiv til oss nyleg. Så kvifor har Bedre Gardsdrift dette engasjementet i trafikkreglane?

Publisert

Ganske enkelt fordi Bedre Gardsdrift vil rydde i regelverket før for mange får problem!

Bedre Gardsdrift endra førarkorteglane Utan Bedre Gardsdrifts engasjement i 2001/2002 ville vi mest truleg hatt krav om vogntogførarkort, klasse CE, for alle som skal køyre traktor med tilhengar av dagens storleik. Statens Vegvesen var i ferd med å innføre ei ny førarkortforskrift, der førarretten for traktor berre skulle gjelde til maks 12 tonn samla tillatt totalvekt for traktor og hengar. Det betyr at ein John Deere 6430 Premium, Norges mest populære traktormodell i 2008, berre kan dra ein tretonns tilhengar om føraren ikkje har førarkort for vogntog, eller førarkort tatt for den varsla forskriftendringa. Dette framlegget var ikkje sendt på høyring til nokon i landbruket, det vart oppdaga av Bedre Gardsdrift, og det vart deretter stoppa.

" Frå praksis til lov? No er det femkilometersregelen kampen står om. Forskrifta denne femkilometers-tolkinga spring ut frå, er datert 1990. Den viser at lovgivar, altså Stortinget, meiner at landbruket kan køyre med brei reiskap langs veg, så sant køyreavstanden ikkje er alt for stor. Vi har fått ei opning for slik køyring, spørsmålet er berre kor stor opninga er.

Dei siste åra har det utvikla seg ein ugrei situasjon på Jæren. Vegvesenet på den kanten tar til å bli temmeleg irritert på traktorane, særleg fordi mange brukar traktoren til heilt andre ting enn landbrukskøyring. Tilsvaret på det er å stikke kjeppar i hjula for dei som driv køyring i næring, for der finst det reglar som kan brukast, i alle fall delvis. Så blir den rigide og til dels nådelause handteringa av traktorar på Jæren spreidd til heile landet, fordi etatane på Jæren er av dei få med ei aktiv og tydeleg haldning til regelverket. Spreiinga skjer ikkje minst gjennom den mykje omtalte sikkerheitsbrosjyra. Paradoksalt nok, blir brosjyra, som i utgangspunktet hadde eit veldig positivt og velmeinande utgangspunkt, no brukt som dokumentasjon for å praktisere fem-kilometersregelen.

Strengare tolking På same tid veit vi at lastebilnæringa jobbar hardt for å få traktorane bort frå vegen, trass i at landbruket er ei av de viktigaste kundegruppene for næringa. Vegdirektoratet har dessutan bestemt seg, reint generelt, for å tolke reglar og forskrifter strengare i tida som kjem. Dette råkar ikkje berre landbruket. Frå lastebilbransjen er jammersongen jamt stigande. Vi veit også at fleire UP-patruljar dei siste par åra er blitt meir aktive mot traktorar, og UP kan vere kor som helst over heile landet.

Dersom vi, og landbruket elles, vel å halde kjeft og håpe på det beste, kan vi sjå føre oss følgjande konsekvensar:

1) Regelverket for traktor forblir like forelda og lite tilpassa som i dag 2) Tilfeldig utvalde bønder over heile landet får dramatisk redusert sjansen til å drive sin eigen gard på fornuftig vis. Du veit aldri kva kontrollør og regelpraktisering som ventar rundt neste sving. Skjer det ei ulukke, risikerer du både strengare straff og større skuld om etterforskinga viser at du har handla i strid med reglane. 3) Om det kjem eit nytt regelverk, vil det vere veldig mykje strengare.

Bedre Gardsdrift nøyer seg ikkje med å lese paragrafar og forskrifter. Vi arbeider aktivt for å sikre ferdsla i trafikken. Det betyr at vi vil hjelpe deg å forstå regelverket som til ei kvar tid gjeld, og vi er gjerne aktivt med på å arbeide for fornuftige endringar av reglane.

Det viktigaste målet er å hindre at liv og helse går tapt, deretter at du har eit regelverk som toler dagleg bruk. Eit regelverk som du faktisk er både tent med og kjent med.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS