fiat1

Kva er dette?

Om du tykkjer du kjenner att traktoren på biletet, kan det ha to grunnar: Du kjenner att ein forkledd New Holland T5000 (tidlegare TLA), eller du ser at nokon har bygd traktorpanser med Fiat 640 i tankane.

Publisert

I år er det nemleg 50 år sidan Fiats største suksess nokon gong vart lansert. Difor har New Holland laga denne showtraktoren, basert på suksesserien L/TL/TLA/T5000, for å heidre sin store helt. Her er det LED-lys, i staden for rotorlampe er det ei lang blinkande lysrekke rundt taket, og kropp og frontvekter har matt lakk. Temmeleg kult, det må vi berre seie. Men vi forstår ikkje kvifor italienarane har henta speglar frå eit StarWars-skip. Nok om det.

Du får neppe kjøpt den om du ringjer A-K, men det er lov prøve!

Fiat 640 vart seld i 110 000 eksemlar. Aldri seinare har selskapet hatt ein enkeltmodell som det er levert så mange av. Under årets Eima-utstilling i Bologna i Italia er denne retro-traktoren New Hollands om ikkje største, så mest oppsiktsvekkjande blikkfang.

Powered by Labrador CMS