mf 9600 fs breidde

Flaggskip på 365 hk frå Massey Ferguson

Den råaste MF'en nokon gong, med 365 hk, trinnlaus transmisjon, firepunkts hyttefjøring på ei splitter ny hytte og eit enda tøffare tryne. Vi har sett den raude dragen.

Publisert

Traktoren kan truleg kome i produksjon i 2009, utan at Massey Ferguson vil seie noko om det. Einaste dei seier, er at dette er av nyheitene vi får sjå dei komande tre åra.Om storleiken er i overkant av kva vi normalt kjøper her i landet, er traktoren likevel godt eigna til å oppildne det norske selgarkorpset, og ikkje minst: Den viser kva vi kan vente av produktutvikling og design frå MF dei komande åra.9600-serien? Massey Ferguson nektar å gi oss noko som helst slags hint om kva traktoren vil heite.Ser vi litt på namnepolitikken elles, både hos MF og hos andre i bransjen, er denne traktoren i ein storleik der nummeret startar enten på 8 eller 9. Vi kan også legge merke til at MF hoppa frå 3400 til 3600 sist gong dei kom med ein heilt ny serie.I og med at her også er ein heil del nyvinningar frå dei eksisterande 6-/7-/8400-seriane, vågar vi oss til å tippe på at namnet kan bli enten 8600 eller 9600-serien.Kraftfull SisuTraktoren har nokre få hestekrefter meir enn Fendts flaggskip 936. Hestane er levert av Agcos eigen finske motorprodusent Sisu. Motoren er på 8,4 liter, med common rail, fire ventilar pr. sylinder, elektronisk styring og det meste som elles høyrer med i denne effektklassen. Motoren fyller krava til Tier III. Agco hevdar sjølv at den er temmeleg drivstoffgjerrig. Og at den til liks med finnar flest også likar alkohol.Trinnlaus i full fartTransmisjonen er den same som i Fendt 936, men sjølvsagt med MFs eiga betjening. Det betyr at transmisjonen kan gi deg toppfart på 62 km/h, om MF og styresmaktene gir deg lov til å køyre i slik fart.Splitter ny hytteRamma til hytta MF i dag brukar på sine større traktorar er frå midt på 90-talet, altså meir enn 12 år gammal.No er noko nytt på gang. Stortraktoren vil kome med ei nyutvikla hytte med fire stolpar, og blir truleg malen for seinare hytter frå MF. Hytta får dessutan firepunkts fjøring, om våre opplysningar stemmer. Det er i så fall oppsiktsvekkjande, i og med at konseptet med firepunkts fjøring i si tid vart patentert av Renault, eit patent som er vidareført under Claas.Enkelte publikasjonar hevdar at hytta er henta frå Fendt 900. Det er feil. Dette er ei hytte utvikla av og for MF.Traktoren vil vere førebudd for autostyring, og MFs vendeteigsautomatikk er truleg vidareutvikla.

Alt viktig i armlenetBetjening som sjeldan blir brukt, er plassert på høgre sidekonsoll. Alt du brukar ofte, er å finne i eit nytt armlene. Dette er heller ikkje henta frå Fendt, men utvikla spesielt av MF. Her er den kjente T-spaken for giring, fingerspakar for hydraulikkuttak, betjening av kraftuttak og EHR, og høgst truleg også inn- og utkopling av autostyring.Fremst på armlenet sit ein stor skjerm, i ein arm som du kan stille vinkelen på.Instrumentpanelet er kraftig krympa for å gi betre sikt langs panseret, som er gjort smalare bakerst. Vi har ikkje klart å finne ut om instrumentpanelet vil følgje rattstammen, eller om det står fast.SkarpsyntDu har alt sett det sjølv, på biletet over. MFs nye stil på panseret er vidareført, men her ser vi også element som kom på 3600-serien for halvanna år sidan: I øvre kant av grillen er eit sølvfarga felt med innfelte arbeidslys. Nede er dei inntrykte runde lyktene i den svarte grillen erstatta av dobbelt sett lykter på begge sider, omslutta av tilsvarande sølvfarga element.Stiv fjørande framakslingMF går motsett veg av dei to grøne stortraktorane i marknaden, og satsar på ein stiv, pendlande framaksling med fjørande oppheng. Akslingen er Danas grøvste modell, med integrerte navbremser.I fronten er eit svært så kraftig trepunktsløft integrert, saman med kraftuttak.Ukjente dataSom nemnt har ikkje MF frigitt data på traktoren i det heile. Difor er alle opplysningane vi kjem med her våre eigne observasjonar. Vi veit dermed sjølvsagt heller ikkje kva traktoren vil vege, eller om den inneheld eigenskapar utover det som elles er vanleg på traktorar i denne storleiken.Det som i alle fall er sikkert, er at Bedre Gardsdrift gir deg meir informasjon når tida er moden for det.

Powered by Labrador CMS