Bilar på feil side av vegen

Ein traktorførar frå Skottland monterte kamera i frontruta, og det tok ikkje lange stunda før han hadde nok materiale til ein liten skrekkfilm.

Publisert

Rett nok køyrer alle i det landet der på feil side av vegen til vanleg, men når nokon kjem på feil side av det att, må vi vel kunne seie at dei verkeleg er ute og køyrer. For her er det tydeleg at mange tykkjer det vil vere betre å kræsje framom traktoren enn å vente bakom. Heldigvis er ikkje alle bilistane like spinngalne. Mange av dei som kjem imot ser ut til ha forstand nok til å bremse ned, såpass at dei som kjempar seg forbi traktoren trass alt bergar liv og helse.

Paradoksalt nok er vår mann ute for å drive kantslått i delar av filmen, eit tiltak som både i Skottland og her i landet blir utført for å gi betre sikt langs vegen og med det auke trafikktryggleiken.

Har du sjølv filmar av liknande slag, eller tips om youtubevideoar folket bør få med seg, send oss gjerne eit tips!

Powered by Labrador CMS