Finalistane er klare

Lista over kva traktorar som kjempar i Tractor of the year-finalen er klar.

Publisert

Juryen har gjort unna første del av jobben, nemleg å plukke ut kven som får vere med i finalen. Dette er gjort etter ei samling der alle aktuelle traktorar er presenterte. Det er produsentane sjølve som nominerer traktorar til finalen, mens juryen vel ut kva traktorar som er kvalifiserte.

Årets Traktor-juryen består av journalistar frå leiande landbrukstidsskrift i heile Europa, med eitt jurymedlem pr. land. Bedre Gardsdrift er som alltid norsk representant i juryen, representert ved vår kyndige redaktør Magnus Østby.

Mange aktuelle finalistar

Vi merkar oss at finalistane i år er noko mindre enn kva vi har sett tidlegare. Dette heng saman med innslagspunktet for nye utsleppskrav. Traktorleverandørane legg i stor grad opp lanseringa av nye traktorseriar etter når dei må fornye motorteknologien, av omsyn til utsleppsreguleringane. No er fem av sju finalistar i storleiken frå knappe 150 hk til litt over 200 hk. Det gjer kan hende årets kåring meir interessant enn når fleirtalet av finalistar er i området 200 til 300 hk.

Fire titlar å dele ut

Målet med kåringa er å utrope Årets Traktor (Tractor of the year – open klasse), beste kombinasjonstraktor (Best Utility – avgrensingar på sylindertal, effekt og vekt), beste spesialtraktor (Best of specialized) og beste design (blir valt mellom alle dei nominerte). Dei fire utvalde kan smykke seg med tittelen dei vinn gjennom heile 2017.

For å avgi røystene sine får jurymedlemmene høve til å prøvekøyre alle traktorane, og få ei grundig innføring i teknologien dei byggjer på. Traktorane blir også skikkeleg presenterte i Bedre Gardsdrift gjennom hausten, og du får som vanleg høve til å peike ut din favoritt.

Her er lista over finalistar

Tractor of the Year 2017

  • Fendt 516 Vario
  • Steyr 4145 Profi CVT
  • Mc Cormick X8 VT-Drive
  • Case IH Optum 300 CVX
  • Deutz-Fahr 6215
  • Massey Ferguson 6718S
  • Zetor Forterra HD 140

Best Utility 2017

  • New Holland T5.120
  • Case IH Luxxum 120
  • Deutz-Fahr 5120C
  • Massey Ferguson 5711

Best of Specialized 2017

  • Antonio Carraro Tony 9800 TR
  • New Holland T4.110 F
  • BCS Volcan K105 SDT Dual Steer
  • Goldoni Q-110
Powered by Labrador CMS