Salen var fylt til siste stol og litt til, og dei som ikkje fekk plass inne sto på gangen eller på lageret, då debatten om den nye jordbruksmeldinga tok laust på Skei tysdag.
Dei er usamde i mangt, men har det til felles at humøret framleis er godt. Det kan trengast, for det blir mange harde tørnar framover. Frå venstre leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes. Leiar i Sogn og Fjordane bondelag og vertskap for debattmøtet, Anders Felde. Og lengst mot høgre: Landbruksminister Jon Georg Dale.

Stort engasjement på møte om jordbruksmeldinga

SOGN OG FJORDANE/SKEI: Veggane bula utover då over 400 bønder og landbruksinteresserte møtte ministeren til debattmøte om den nye jordbruksmeldinga.

Publisert

Landbruksministeren var der. Bondelagsleiaren var der. Fylkesleiarane i bondelaga i Sogn og Fjordane og Hordaland var der. Det same var kring halvparten av ordførarane i Sogn og Fjordane, småbrukarlagsfolk, stortingskandidatar, tillitsvalde både her og der, og ikkje minst: Hundrevis av kvardagsbønder av alle slag, frå både Sogn og Fjordane og nabofylka. Så mange kom der, at hotellet på Skei aldri tidlegare har hatt så mykje folk i storsalen sin. Så mange at dei gjekk tom for stolar, slik at folk måtte sitje på barkrakkar og lobbystolar utover i gangen.

Dette var det første debattmøtet om jordbruksmeldinga. Framover vinteren og våren vert der fleire møte i alle landsdelane. Tid og stad finn du i faktaramma ein annan stad på denne sida.

Dale: No skal alt bli mykje betre!

Grunnlaget for debatten er den nye jordbruksmeldinga som regjeringa har lagt fram. Landbruksminister Jon Georg Dale fekk prate fritt i 40 minutt, då han la fram meldinga. Ut frå presentasjonen han gir, er alt rosenraudt og fint. Dale framhevar kvalitetane i det norske landbruket. Den særs låge antibiotikabruken vår. Vi har landbruk over heile landet. Han er uroa for at så mange har stor andel leigejord, og vil at fleire skal kunne eige meir av jorda dei driv. Han vil auke forbruket av norskprodusert mat, auke eksporten av eksklusive, trygge og gode norske varer, og auke produksjonen basert på norske ressursar. Ikkje minst basert på utmarksressursane. For landet held jo på å gro att, så då må det beitast meir, framhevar Dale. Som fort skundar seg å legge til at regjeringa har gjort viktige grep for dei mindre bøndene på Vestlandet, gjennom å utsette kravet til lausdrift i mjølkeproduksjonen.

Vil lausrive kvoteregionane frå fylkesgrensene

Mjølkeproduksjonen må sikrast, gjennom nye kvoteregionar. Der må grensene teiknast slik at dei mest intensive områda, som på Jæren og på flatbygdene på Austlandet, ikkje syg til seg all mjølkeproduksjonen frå tilgrensande område. Difor vil ikkje Dale at kvotegrensene skal følgje fylkesgrensene, men heller andre skiljelinjer som er meir naturlege. Der er ikkje meir å hente i tollvern, men eksporten kan aukast.

Kanaliseringspolitikken skal styrkast

FrP-ministeren vil skjerpe kanaliseringspolitikken, for å sikre kornproduksjon der jorda er eigna for kornproduksjon, og styre husdyrproduksjonen til andre område. Og han vil endre marknadsregulatorordningane. Dei fungerer ikkje støtt godt nok, der er for tungvinte kommunikasjonslinjer, og der er bukkar og havresekkar i for tett blanding.

Og bøndene sjølve, dei har effektivisert mykje. Men dei må effektivisere enda meir.

Bartnes: Betre slik det er no!

Landbruksministerens rosemåla framstilling av jordbruksmeldinga fekk stå i fred heilt til neste talar entra podiet. Bondelagsleiar Lars Petter Bartnes skrytte til og med av innleiinga til jordbruksmeldinga.

– Den er så god at den kunne til og med vore skriven av Bondelaget, meinte han. Men deretter henta han fram den mørke målarkosten, type brei.

Den ganske trygge situasjonen landbruket har vore i gjennom lange tider er i endring. Det politiske miljøet er meir splitta om landbruket enn på lenge. Jordbruksmeldinga har berre eitt overordna mål: Kostnadseffektiv matproduksjon. Verkemiddela som regjeringa legg opp til får motsett funksjon av det regjeringa seier at dei vil.

Matkjedene får meir makt over bøndene

Marknadsreguleringa, som har fungert i 80 år, er trua. Mottaksplikta vil falle bort. Kontraktsproduksjonen, som vi ser den på kylling, vil gi meir makt til industrien og matkjedene, gi sterkare bindingar og mindre konkurranse.

– Berre for å ta eggproduksjonen: Det genetiske materialet er identisk med det som blir brukt elles i Europa. Likevel har vi dramatiske skilnader på medisinbruken, og vi har tryggare egg. Det skuldast strukturen, med produksjon over heile landet. Med regjeringa sin politikk blir eggproduksjonen sentralisert, slik vi ser det på kyllingproduksjonen, og vi blir langt meir sårbare, nemner Bartnes som eit døme.

Sentralisering og liberalisering=full fart nedover

Han held fram med å vise til at regjeringa sjølv varslar at det vil bli større variasjonar i prisane til bøndene. Mjølkeproduksjonen vil gå ned. Utviklinga vil gå i retning det vi har sett i Danmark. Der er landbruket meir eller mindre øydelagt av liberaliseringa. Endringar av kvoteregionane vil bidra til sentralisering. Bartnes meiner at alt heng saman med alt, når det gjeld produksjonane i det norske landbruket. Går mjølkeproduksjonen i eit område ned, vil det på same tid gå ut over veterinærtenestene til dei som driv med sau eller gris, fordi veterinærane også er avhengige av stabile inntekter.

Landet er ulikt, og verkemiddela må dermed også vere ulike. I Sogn og Fjordane, Hordaland og Troms har dyrkajord i drift gått ned mellom fem og åtte prosent på få år, vel og merke under skiftande regjeringar. Eit gjennomsnitts-skifte i Hordaland er 4,4 dekar. I Østfold er det 21,1 dekar. Det betyr at verkemiddela må vere tilpassa for å sikre at alt landbruksarealet i heile landet framleis er i drift.

Velferdsordningane er truga

Bartnes ville heller ikkje gløyme velferdsordningane. Avløysarordninga skal ha sin del av æra for at han framleis er godt gift, spøkte han, før han i meir alvorleg tone heldt fram at både avløysarordning, beredskapen gjennom avløysarlaga og førtidspensjonsordningar er viktig for både velferd og rekruttering.

At regjeringa meiner at landbruket skal gjere ein innsats for å redusere klimautsleppa er heilt fint, men at der ikkje følgjer med midlar finn Bartnes noko underleg, all den tid til dømes el-bilar har fått fem milliardar i subsidiar.

Heller halde fram som det er enn å endre slik

Bondelagsleiaren lar seg ikkje berolige av at lausdriftskravet er utsett. Investeringsbehovet er stadig like stort, særleg for dei med færre enn 50 kyr. Jordbruksproduksjonen må skje der jorda er, framheva Lars Petter Bartnes.

– Endringane regjeringa føreslær er eit åtak på landbruket frå alle kantar. Alt er ikkje perfekt som det er no, men det er mykje betre enn det regjeringa føreslær.

The Jordbruksmeldinga Tour 2017

Landbruksminister Jon Georg Dale turnerer land og strand rundt gjennom vinteren og våren:
 
Måndag 30. januar kl 19.00.    
Stormøte Varhaug idrettshall. 
Hå kommune, Rogaland.

Tysdag 7. februar kl 15.30.    
Arktisk Landbruksting, Scandic Havet. 
Bodø kommune, Nordland.

Torsdag 9. februar kl 18.00.     
Kulturbanken Kreti og Pleti, Jessheim. 
Ullensaker kommune, Akershus.

Torsdag 9. mars.    
Nord-Trøndelag.  
Nærare om tid/stad ikkje fastsett. 

Fredag 21. april kl 10.00.    
Ørsta kulturhus, 
Ørsta kommune, Møre og Romsdal.
 

Powered by Labrador CMS