Illustrasjonsfoto: yayimages.com

Gissel på eigen GARD

«Sjølvsagt må vi bønder, som samla er dei største arealforvaltarane i landet, godta at samfunnet stundomtreng litt av arealet vårt til viktige behov. Problemet er at denne samfunnsnyttige bruken av eigedomane våre også fører med seg vesentlege ulemper for kvar enkelt av oss.»

Publisert

Denne lederartikkelen er hentet fra Bedre Gardsdrift 8/2017:

Samfunnet treng ein ny veg. Det forstår vi. Vegen vert utbygd, tvers over dyrkajorda di. Du får ei nærast symbolsk økonomisk godtgjersle for kvadratmeterane som går bort. Og ei ny eigedomsgrense nokre meter ut frå kvitestripa. Samfunnet treng ei kraftlinje. Det er forståeleg, men du får lite betalt for grunnen der stolpane står. Straumen må jo fram. I tidlegare tider fekk e-verka gratis grunn til stolpane, for kven vil vel stogge framsteget? Og stadig eig du grunnen under der straumtrådane heng så samfunnsnyttig.

Men så: Den kjære naboen din, Statens vegvesen, gir brått melding om at du ikkje får lov å lagre avlinga di der du vil på din eigen eigedom. Rundballar nærare enn sju meter frå riksvegen er trafikkfarleg, og må bort. Du kan heller ikkje utan vidare bygge nærare enn 50 meter frå vegen. Derimot kan vegvesenet når som helst sette opp eit autovern som hindrar deg i å svinge inn på teigen din, utan å spørje først. Dette handlar jo om trafikktryggleik. Kven kan vel seie imot livbergande tiltak? Og e-verket, som støtt har vore strenge på at du ikkje kan gjere kva du vil under strengane, treng brått ei mykje breiare glattbarbert stripe, for å sleppe at skogen ramlar over trådane som heng litt lågt. Og då kjem dei innleigde skogshoggarane og forventar å ferdast fritt over ditt areal til det du trudde var din skog.

Her er ein ubalanse. Sjølvsagt må vi bønder, som samla er dei største arealforvaltarane i landet, godta at samfunnet stundom treng litt av arealet vårt til viktige behov. Problemet er at denne samfunnsnyttige bruken av eigedomane våre også fører med seg vesentlege ulemper for kvar enkelt av oss. Du får litt betalt for grunnen, men bandlegginga av arealet som du framleis har eigedomsretten til, blir på ingen måte skikkeleg kompensert.

Vi har alt for lenge stått med lua i handa. Frå vegvesen, e-verk og andre slike etatar får vi høyre at framsteget som dei byggjer ut er til fordel for oss. Joda. Men det er på tide å ta ulempene som unekteleg følgjer på større alvor. Alle dei statlege etatane har fått ture fram, og møtt alt for få konstruktive spørsmål. Faglaga våre har ikkje brukt slagkrafta si. Politikarane våre har ikkje sett, eller villa sjå, at søla skvett kring føtene på framsteget. Vi i media, særleg landbruksmedia, har vore alt for veike.

Slik kan det ikkje halde fram.

Se hva du kan lese om i Bedre Gardsdrift 8/2017 her

Bedre gardsdrift kommer ut ti ganger i året, og er Norges eneste frittstående landbruksfagblad. Vi fokuserer på teknikk, økonomi og vedlikehold, og har reportasjer fra hele landet. Årlig har vi minst 30 sider traktortester og 25 sider gardsanalyser.

Vil du bli bedre kjent med bladet?

Last ned bladet elektronisk

Eller bestill abonnement

Her får du et innblikk i hva vi skriver om

Powered by Labrador CMS