Andreas Lundegård er økonomirådgiver landbruk i Tveit Regnskap på Skjold
Andreas Lundegård er økonomirådgiver landbruk i Tveit Regnskap på Skjold

– Sjeldan har det vore meir økonomisk turbulente tider

Det seier Andreas Lundegård. Han har vore økonomirådgjevar i Tveit Regnskap i over 20 år.

Publisert

Eksploderande gjødselprisar internasjonalt; auka energiprisar, både på elektrisitet og diesel (energi påverkar og gjødsel); stigande kraftfôrpris; stigande rente og generell prisstigning.

Dette er sjølvsagt bakgrunnen for situasjonen i dag.

No har Lundegård rekna på korleis dette kan slå ut for ulike produksjonar. Utgangspunktet er tre fiktive gardar som alle har eit areal på 200 dekar fulldyrka og 100 dekar beite:

  • Mjølkebruket har 28 mjølkekyr, mjølkekvote på litt over 200 tonn.
  • Ammekudrifta har 32 ammekyr, fôrar fram alle dyr til slakt.
  • Sauedrifta har 300 vinterfôra sau.

Med utgangspunkt i desse tre fiktive gardane, har han rekna på endringane i innsatsfaktor:

  • Gjødselkostnad stig 70 prosent
  • Straumkostnaden stig 40 prosent
  • Dieselprisen stig 20 prosent
  • Lånerenta stig med 0,5 prosentpoeng.
  • Generell stigning på kraftfôr og innkjøpte varer/tenester

Tveit Regnskap AS har i ei årrekke køyrt statistikk bondeøkonomien og har såleis eit godt grunnlagsmateriale for å rekne på dette. Lundegård har brukt Nibio sine driftskalkylar for å stipulere forbruk av ulike innsatsfaktorar, og samstilt desse med eigne statistikkar

Inntektsnedgang for alle bruka

Mjølkeproduksjon på 210 tonn 28 kyr

Kostnader:

Gjødsel og kraftfôr: 59000 kr

Energi (diesel og straum): 18000 kr

Generell prisauke og finanskostnader: 49000 kr

Sum kostnadsauke: 126 000 kr

Inntekter:

Auke marknadsprisar: 37 000 kr

Auke tilskot: 30 000 kr

Sum inntektsauke: 67 000 kr

Inntekstnedgang (kalkulert) 58000 kr

Ammekudrift, 32 årskyr og fullt påsett

Kostnader:

Gjødsel og kraftfôr: 46 000 kr

Energi (diesel og straum): 14 000 kr

Generell prisauke og finanskostnader: 38 000 kr

Sum kostnadsauke: 98 000 kr

Inntekter:

Auke marknadsprisar: 27 000 kr

Auke tilskot: 23 000 kr

Sum inntektsauke: 50 000 kr

Inntekstnedgang (kalkulert) 48 000 kr

Sauedrift: Sau, 300 vinterfôra sau

Kostnader:

Gjødsel og kraftfor: 35 000 kr

Energi (diesel og straum): 11 000 kr

Generell prisauke og finanskostnader: 31 000 kr

Sum kostnadsauke: 77 000 kr

Inntekter:

Auke marknadsprisar: 25 000 kr

Auke tilskot: 35 000 kr

Sum inntektsauke: 60 000 kr

Inntekstnedgang (kalkulert): 17 000 kr

Grunn til å rope varsko

– Reknestykka må sjølvsagt takast for det dei er, ein anslag på korleis ein vurderer situasjonen i 2022. Arbeidet er ikkje gjennomført med heilt same presisjon som Budsjettnemnda/Nibio, men det gir oss eit bilete av korleis stoda kan bli ut frå dei gjevne føresetnadane, seier Lundegård.

Han ventar at nokre vil hevde at utslaga er større, andre det motsette.

– Men det gir oss uansett eit bilete av situasjonen, og at det nok ikkje er feil å rope litt varsko slik bondeopprørarar med fleire har gjort, seier han.

Powered by Labrador CMS