Blå MF?

Ja, du ser heilt rett. Massey Fergusons kjente trippel-trekant på blålakkert panser...

Publisert

Men tru for all del ikkje at heile traktoren er blå. Klikkar du på neste bilete i karusellen over, forstår du nok situasjonen.

Som kjent vert nesten alt av MF-traktorar til Europa produsert på fabrikken i Beauvais i Frankrike. Ein fransk kunde meinte dette måtte markerast, og fekk lakkert traktoren sin i franske fargar. Og den ideen likte MF-sjefane såpass godt at dei fekk fabrikken til å lage ein MF 5713 SL lakkert i trikoloren, som blikkfang til Innov-Agri-utstillinga som nyleg vart arrangert eit stykke utanfor Paris. I tillegg til at alle andre modellane Massey Ferguson hadde utstilt der hadde eit fransk klistremerke på panseret. At valet fall på 5713 SL-modellen skuldast at denne vart kåra til Best Utility i den ferskaste Årets Traktor-finalen.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS