Gamle-E6 gjennom Gudbrandsdalen har i utgangspunktet eit vanleg køyrefelt i kvar retning, og der er mykje landbrukstrafikk. Det er vanskeleg å sjå at dei som har planlagt ombygginga av gamle-E6 har oppfatta at landbruket stundom ferdast langs vegen.
Gamle-E6 gjennom Gudbrandsdalen har i utgangspunktet eit vanleg køyrefelt i kvar retning, og der er mykje landbrukstrafikk. Det er vanskeleg å sjå at dei som har planlagt ombygginga av gamle-E6 har oppfatta at landbruket stundom ferdast langs vegen.

Planlegg utan tanke på landbruket

OPPLAND/HUNDORP: Vegvesenet viser stor omsut for syklistane på gamle-E6 i Gudbrandsdalen. Det er bra. Tilrettelegging for landbruksmaskiner er det verre med.

Publisert

Den forunderlege mangelen på omtanke for landbruket skin igjennom når vi les rapporten Tiltak på avlastet lokalvegnett – parsell E6 Ringebu–Otta.

Etter å ha brukt 6,5 milliardar kroner på å fornye E6 gjennom Gudbrandsdalen, er vegen avslutta slik at alt av landbruksmaskiner er tvungne til å køyre ut på den tungt trafikkerte vegen ved kryssing av Fryasletta. Berre fordi det manglar 700 meter lokalveg, som var innteikna på anleggskarta. Denne vegen var meint å bli bygd i neste anleggsperiode. I og med at regjeringa og støttepartia har utsett heile resten av E6-prosjektet, slik at det ikkje blir ferdig før enn om tidlegast om 13 år, må landbrukstrafikken vere til motvilleg hinder over Fryasletta i alle desse åra. Les meir om denne saka i Bedre Gardsrift nr. 4 2017. 

Men dette er ikkje det einaste punktet der landbruket opplever ugreie i samband med vegutbygginga. No er det planlagt at gamle-E6 skal få smalare køyrebaner, utan at det ser ut til å vere teke omsyn til kva køyrety vi i landbruket har å ferdast med. 

Denne legg føringar for korleis gamle E6 skal tilretteleggast no som gjennomgangstrafikken er borte. 

Landbruksmaskiner ikkje omtalt

I planlegginga av ny E6 er det tenkt at all landbrukstrafikken skal haldast unna, altså at landbrukstrafikken må køyre på gamle E6. Det er ein grei tanke. 

Men dei som har planlagt korleis gamle E6 skal brukast, har ikkje tenkt så mykje på at det skal køyre landbruksmaskiner her, ut frå kva dei har skrive.

I den nemnde rapporten, som omhandlar ein strekning langs eit av dei større samanhengande landbruksområda i landet, er ord som sykkel/syklist nemnt 87 gongar. Miljø finn vi 71 gongar. Buss er omtalt 13 gongar. Traktor er omtalt null gongar. Ulike variantar av landbruk, jordbruk og landbruksmaskiner utanom traktor er omtalt – vil du gjette? 

Null gongar!

"Velprøvde løysingar"

Assisterande prosjektleiar Lars Kristian Dahl i Statens Vegvesen meiner at det ikkje er noko problem at traktorar og landbruksmaskiner ikkje er særskilt omtalte i rapporten om korleis vegen skal utformast.

– Vi har brukt løysingane som er foreslått i rapporten andre plassar før, så dei er velprøvde. Vi skal ta omsyn til alle trafikkantar, men her er særleg dei mjuke trafikantane blitt omtalte. Vegprosjekta våre går gjennom planprosessar i kommunane, og der er ingen særskilte prosessar for landbruket.

Powered by Labrador CMS