Biletet viser ein fartsskrivar vi lånte med oss til ein traktorverkstad, der den ikkje har noko å gjere. Biletet er tatt ein av første gongane Bedre Gardsdrift skreiv om emnet. Etter det er skrivarane blitt digitale, men dei er like lite aktuelle saman med traktorar.

– Traktor skal ikkje ha skrivar

Atter rullar debatten om bruk av skrivar på traktor og bruk av traktor i massetransport. Mange påstandar kjem fram. La oss sjå litt på realitetane.

Publisert

Reglane om skrivar og køyre- og kviletid er EU-regelverk. Nær samtlege av traktorane vi brukar er produserte i EU, og alle tilfredsstiller regelverket i EU. Og med nokre svært få unntak, er det ikkje mogeleg å få levert traktorane med skrivar. Bedre Gardsdrifts konklusjon er difor at EU ikkje krev skrivar på traktor. Når dette kravet stundom dukkar opp må det vere ei norsk feiltolking.

Punktet i forskrifta om at køyrety tillatt totalvekt over 3,5 tonn og høgaste tillatte hastigheit over 40 km/h er omfatta av skrivarkravet ved visse typar transport er udiskutabelt. Bedre Gardsdrifts påstand er at traktoren er definert bort frå dette på annan stad i regelverket, i og med at det er gjengs oppfatning innan EU at regelen ikkje gjeld traktor.

Kravet om skrivar er i alle høve uaktuelt for traktorar eller kombinasjonar av traktor og tilhengar der konstruktiv hastigheit på den treigaste delen av kombinasjonen ikkje er over 40 km/h.

Sakene blir lagt bort

Bedre Gardsdrift har omtalt saker om traktor og skrivar mange gongar siste ca. 15 åra, og den normale saksgangen er slik: Ivrig kontrollør stoppar traktor utan skrivar. Gir køyreforbod. Traktoreigaren ankar saka (for enkelheits skuld kan utkast til anke lastast ned frå gardsdrift.no). Saka blir lagt bort, traktoren kan køyre vidare. Enkelte vel å montere skrivar, men mellom desse blir det ofte problem med å få monteringa godkjent fordi traktoren reint teknisk ikkje er berekna for skrivarmontering. Kvart år skjer dette nokre veldig få langs vegen, etter eit slags bingo-system som råkar aldeles vilkårleg.

Er du i stuss, er det lite hjelp i å kontakte lokale myndigheiter. Ein lesar som ringte oss for nokre år sidan hadde fått totalt fire fundamentalt ulike svar frå politi og trafikkstasjon. Svaret vårt vart alternativ nummer fem.

Har bede om politisk avklaring

Bruk av skrivar å traktor er mellom dei mange sakene som Bedre Gardsdrift, i samarbeid med Norges Bondelag og TLIF, bad samferdsledepartementet rydde opp i gjennom eit brev sendt i februar 2013. Det var i kjølvatnet av dette brevet at vi fekk på plass den såkalla 50-lappen. Men skrivarkravet, og fleire av dei andre problemstillingane vi tok opp, har verken dåverande regjering eller dei som styrer no svart på trass fleire purringar. Det betyr slett ikkje at saka ligg daud. Bedre Gardsdrift har for vane å få skikkelege svar på trafikregelspørsmåla våre, og vi har som strategi å gjere jobben skikkeleg, sjølv om det tar tid.

Traktor vs lastebil

I ei fersk sak hos NRK meiner ein representant for lastebileigarforbundet at det må vere skrivar i traktorane for å gjere konkurransen rettferdig. Bedre Gardsdrift har stor respekt for lastebilnæringa. Å sjå for seg eit landbruk utan store innkjøp av transportteneste frå lastebilnæringa er utopisk. Det volumet traktorar transporterer i denne såkalla konkurransen er i så måte forsvinnande lite, og vi har store vanskar med å forstå bakgrunnen engasjementet enkelte representantar for lastebileigarforbundet legg for dagen her.

Alle har lov å kjøpe seg traktor

No har det seg slik at traktoren er ei allment tilgjengeleg vare, som kven som helst med ynskje om det kan kjøpe. Også folk med medlemskap i lastebileigarforbundet. Slik sett er det inga gruppe som har fordelar i høve til andre grupper når det gjeld kva køyrety dei kan velje seg.

Traktor til massetransport er pengesluk

Traktoren kan vere teneleg ved veksling mellom vegkøyring og terrengkøyring, ved behov for fleire ulike typar snøryddingsutstyr, eller ved små volum og veldig stutt køyring.

Ved all annan regelmessig transport må du vere ein økonomisk tryllekunstnar for å sjå økonomi i å bruke traktor framfor lastebil. Det vart dokumentert gjennom ein test Bedre Gardsdrift gjennomførte i samarbeid med Transportmagasinet og Anleggsmagasinet i 2007 (klikk på lenka for å lese heile testen). Det er ingenting som tyder på at resultatet ville blitt annleis i dag. Tvert imot er den såkalla avgiftsfrie dieselen blitt enda tyngre avgiftsbelagt, så prisskilnaden til vanleg diesel minkar. Utanlandske testar viser dei same tendensane.

I testen som Bedre Gardsdrift, Transportmagasinet og Anleggsmagasinet utførte i 2007, fann vi ut at traktoren ikkje er lastebil. Uansett gjennomsnittleg traktor eller stor hurtigtraktor: Lastebilen er uslåeleg på å køyre last. 

Vi køyrde tippbil med og utan hengar, standard landbrukstraktor og JCB sin største modell. Uansett korleis vi vrei på det, tapte traktoren mot lastebilen i dieselkostnad og tidsbruk, med unntak av nokre få heilt spesielle tilfelle der JCB kunne måle seg mot bil utan hengar. Vel å merke om vi ikkje tok med andre kostnader. JCB-en med tilhengar er nemleg over 50 prosent dyrare i innkjøp enn lastebilen. Og uansett stor eller liten traktor, driftskostnadane utanom diesel på traktorar som går langs vegen er i ein heilt annan divisjon enn på lastebil. Det er også grunnen til at fleire av oppgåvene i landbruket gradvis blir overtatt av lastebilar.

Same regelverket gjeld for last

Sjølv om traktorar ikkje er underlagt reglane om køyre- og kviletid, og dermed skrivar, er mykje av regelverket elles likt. Som kravet om at køyretyet til ei kvar tid skal vere i forskriftsmessig stand. Og vektreglane for kor mykje du kan laste (vel å merke for traktorar som kan køyre meir enn 30 km/h). Summen av aksellaster på tilhengaren kan maksimalt vere 1,5 gongar summen av aksellaster på trekkvogna (eller traktoren). Mens ein lastebil har stor nyttelast på seg sjølv, fordelt på tre-fire akslingar, har traktoren einast ei vektoverføring på typisk inntil tre tonn frå hengaren. Traktoren har to akslingar, der den fremste blir dårleg utnytta på grunn av vektarmprinsippet frå den bakmonterte trekkroken. Dermed blir andelen daudvekt på traktoren høg i høve til nyttelasta, og transporteffektiviteten vert såleis liten.

Vikedal Mur og Anlegg er mellom dei som har fleire lastebilar i jobb med køyring som tidlegare har vore gjort av traktorar. 

Dessutan må motoreffekten vere 7 hk pr. tonn aktuell vogntogvekt. Det finst svært få norske traktorar med over 250 hk. Det finst nesten ingen lastebilar med så liten motoreffekt.

Rått parti?

Traktorar flest er motorsvake mot lastebilar. Gjennomsnittstraktoren har dei seinare åra vore kring 125 hk, noko som gir ei teoretisk vogntogvekt på 17 tonn. Godt halvparten går bort i eigenvekt og hengarvekt.

Dei enklaste treaksla anleggsbilane har til samanlikning typisk 26 tonn tillatt totalvekt berre på bilen. I dag blir det nesten ikkje levert anleggsbilar med mindre enn 500 hk motoreffekt, altså fire gongar gjennomsnittstraktoren. Eigenvekta på ein treaksla anleggsbil er typisk 13-14 tonn. Resten reknar du fint ut sjølv. Og forresten, prisskilnaden på ein gjennomsnittstraktor med dumperhengar versus dei minste treaksla tippbilane er ganske liten.

Denne illustrasjonen som vi brukte ein gong like etter årtusenskiftet er framleis aktuell. Vektreglane er som dei er forklarte her, altså som for lastebil. No er er rett nok dei fleste traktortilhengarane typegodkjente for 40 km/h, men regelen er som skildra her: Har du ein 50 km/h-traktor med ein 40 km/h hengar, er det 40 km/h som er fartsgrensa for heile skyssen. 

Traktor er fleirbruksmaskin

At traktoren har sine fordelar som ei allsidig fleirbruksmaskin er ei anna sak. Den kan laste sin eigen hengar, for neste dag køyre snøfres, kantklippar eller såbedsharv. Og vil du byte ut lastebilen din med ein traktor, er altså det heilt fritt fram som alle som vil. Sjølv om dei færraste gjer det, forståeleg nok.


Dei fleste problema for lastebilnæringa er truleg løyste, når skytset blir retta mot dei sju nye JCB Fastrac som vart registrerte i 2015. Her er modellen det gjekk flest av.

Knapt 200 traktorar gjer lastebileigarane redde

Ytringane i ein NRK-artikkel om fartsskrivar tyder på at lastebileigarane er særleg ottefulle for raske traktorar: Landbrukstraktoren har utvikla seg enormt dei siste åra, og i dag er det ikkje uvanleg at ein traktor kjem opp i hastigheiter på opp mot 70 kilometer i timen.

Til det kan vi nemne at einaste traktoren som lovleg kan køyre raskare enn 50 km/h er JCB Fastrac. I 2015 vart det registrert sju nye JCB-traktorar i Noreg. Av desse har to 70 km/h som toppfart. Ein kan køyre 65 km/h og fire kan køyre 60 km/h. Motoreffekten på desse sju er mellom 160 og 284 hk, jamt over mindre enn dei minste distribusjonslastebilane. Den minste modellen av Volvos anleggsbil FMX har til samanlikning 330 hk.

Det vart ikkje bruktimportert nokon Fastrac i 2015. Totalt er det nyregistrert 232 JCB Fastrac i Noreg - gjennom alle tider. Mange av desse går som kommunetraktorar og liknande. Resten er nok til å skremme folk i lastebileigarforbundet.

Om andre traktorar held høgare fart enn 50 km/h køyrer dei ulovleg, på same vis som når ein lastebil køyrer forbi oss når vi ligg i 90 km/h. Spørsmål om slik køyring høyrer heime hos politiet, ikkje hos lovgivar.

Powered by Labrador CMS