Uansett stor eller liten reiskap: Det er viktig med rett leigepris. Foto: Iselin Merkesdal

Leige av trøtraktor?

Det kom inn eit spørsmål – eit av veldig få du til no ikkje finn svar på i Bedre Gardsdrifts maskinleigeprisliste: Kva er dagsleiga på ein trøtraktor?

Publisert

Enten du driv stort eller smått, maskinleigeprislista vår skal vere til nytte for alle. Difor gjer vi også ymse justeringar kvart einaste år, for å kome alle brukargrupper i møte.

Eit spørsmål vi ikkje har noko svar på enno, er prisen for dagsleige av trøtraktor. Det er i høgste grad aktuelt for open gard og liknande arrangement. Eller for den del barnebursdagar eller slektstreff med behov for utvida maskinpark.

Vi i Bedre Gardsdrift tar alle seriøst, både små og store. Så har du forslag til ein pris, gi oss beskjed! Bør det vere tillegg for gummihjul og frontlastar, eller blir det u-rett-ferdiiig? Skal der vere tillegg for leige av reiskap?

Denne prisen er det ikkje naturleg å rekne moms på, men derimot er et eit spørsmål om leiga skal fakturerast, gjerast opp kontant, eller for den del utbetalast i is.

Alt slikt kan du svare på under.

Fristen for å melde inn prisar på anna maskinleige er ute for i år, i og med at vi treng ein del tid på den vidare behandlinga av det store talmaterialet vi har fått inn. Men trøtraktor-prisen skal vi klare å smette innimellom dersom vi får svar innan 2. mars.

Maskinleigeprislista i Bedre Gardsdrift omfattar prisar på leigekøyring og maskinleige for kring 500 reiskapar og arbeidsoperasjonar. 

Prislista blir oppdatert kvart år, og er unik i sitt slag. 

Lista inneheld maskiner og reiskapar i nesten alle storleikar, frå batteridrill til sjølvgåande haustemaskiner.

No ynskjer vi også å legge inn traktorar som går med 100 prosent biologisk motorisering, og med trinnlaus hastigheitsregulering både framover og bakover. 

Powered by Labrador CMS