TILSVAR:
Både ny og gammal teknologi treng kunnskap for å bli optimalt utnytta, meiner Norsk Landbruksrådgiving. Her frå eit pløyekurs for NLR-rådgivarane.
Norsk Landbruksrådgiving
Gode råd gir betre råd
I Bedre Gardsdrift nr. 2/2024, og på gardsdrift.no 6. mars, er ein leiarartikkel med klare meiningar og påstandar som må korrigerast.
Utviklinga
av landbruket går framover i store og små steg. No er det store steg på gang:
Vi tek i bruk ny teknologi, og vi blir møtt av stadig tøffare krav frå samfunn
og styresmakter. Heldigvis har vi ein oppegåande maskinbransje, som trass store
avstandar og små salsvolum klarer å forsyne landbruket med maskiner, reiskapar
og løysingar, og vi opplever at bransjen, til liks med NLR, er oppteken av at
bonden skal lukkast og få best mogeleg utbytte av investeringane.
Likevel: Det
er bortkasta å bruke 100 000 kroner på ein funksjon som ikkje blir brukt,
viss du kan bruke 115 000 kroner og få ein gevinst som er større enn
innsatsen.
Kor
sluttar selgaren sitt ansvar?
Bedre
Gardsdrift forventar, som alle oss andre, at den som har kunnskap nok til å
selje vara også har kunnskap nok til å kunne gi opplæring i bruken av den.
Joda, selgaren må kunne lære deg å aktivere ein funksjon, men kor tar selgaren
sitt ansvar slutt? Kan selgaren ta fri når gjødselspreiaren kommuniserer med
traktoren? Er tildelingsfilene til gjødselspreiaren selgaren sitt ansvar? Eller
optimalisering av køyrelinjene for autostyringa? Kvifor reiser journalistane i
Bedre Gardsdrift på fotokurs hos frittståande fotografar viss selgaren av
fotoapparatet kan forklare om lukkartid og blendaropning?
Norsk
Landbruksrådgiving har samarbeidsavtaler som bidrar til spissa kunnskap på
kring 90 prosent av nye maskiner nettopp for å yte bistand i grenselandet
mellom teknikk, datahandtering, agronomi og alt det andre. Vi samarbeider for å
gjere vegen mellom selgar, bonde og rådgivar kortare, for å løyse ting meir
rasjonelt. Det er ulikt frå selgar til selgar kva dei kan yte av opplæring og
oppfølging. NLR har som mål å vere til hjelp for alle. Vi gir råd om alle maskiner,
uavhengig av samarbeidsavtale, farge, ny eller brukt. Vi er frittståande, og vi
har ingen annan motivasjon enn å gjere det som blir best for bonden, fordi NLR
er grunnlagt av bønder, eigd av bønder, og styrt av bønder.
Uriktig
framstilling
BG
skriv at «først betaler du for NLR gjennom medlemskontingenten. Deretter
betaler du indirekte for dem gjennom traktoren du kjøper». Dette er feil.
Medlemskontingenten, som utgjer om lag ein tredel av inntektene til NLR,
dekkjer ikkje denne typen rådgiving. Ingen blir prakka på nokon rådgivingspakke
ved kjøp av maskiner. Ingen betaler for tenester som ikkje vert utført. Og
ingen er tvungen til å vere medlem i NLR. Vi kan levere dei same tenestene til
alle uansett.
Ingen blir prakka på nokon rådgivingspakke ved kjøp av maskiner. Ingen betaler for tenester som ikkje vert utført.
Redaktøren
meiner det er gått inflasjon i talet på rådgivarar, tydelegvis spesielt
teknikkrådgivarar, og ser det heile som ein ukultur. Det stemmer at talet
teknikkrådgivarar i NLR har femdobla seg: Frå tre i 2017 til 16 i 2024 (dei
fleste i stillingar delte med andre fag). Altså ein deltids teknikkrådgivar per
2340 bønder.
Treng
meir, ikkje mindre, kunnskap
Men
vi er meir ambisiøse enn som så: Norske bønder brukar årleg godt over to
milliardar kroner berre på diesel. Vi meiner at éin prosent av den summen bør
bli brukt til rådgiving og kunnskapsbygging innan maskinteknikk og
presisjonslandbruk for å utnytte dei to milliardane litt betre, treffe litt
betre med investeringane, få litt høgare avling, litt mindre jordpakking, litt
lågare dieselforbruk, litt mindre slitasje på kropp og sjel.
Det
vil alle tene på, særleg bøndene. Dei same bøndene som av eigen fri vilje også
betaler for å lese fagblad og brødfø redaktørar og journalistar. Heldigvis. For
er det noko landbruket verkeleg treng framover, så er det gode hjelparar.