Kor er Deutz-Fahr?
Observante lesarar har merka seg at Deutz-Fahr ikkje er med i den store trinnlaustesten. Men DF var invitert.
Saman med fire andre landbruksblad frå like mange nasjonar har Bedre Gardsdrift testa store firesylindra trinnlause traktorar. Introduksjonen til testen kjem i BG 1/2017, mens sjølve testen kjem som ei føljetong i dei neste utgåvene.
Alle som har traktorar i dette segmentet vart inviterte til å delta. Vi fem blada som står bak testen definerte ganske eksakt kva kriterium som skulle oppfyllast for å vere med. Vi kan enkelt oppsummere dei viktigaste krava her:
– Firesylindra motor
– Nominell effekt ca. 150 hk eller meir
– Makseffekt ikkje for mykje over ca. 170 hk
– Trinnlaus transmisjon
– Høgt spesifikasjonsnivå elles
– Frontlastar
Vi definerte til og med kva dekkdimensjon traktorane skulle ha, for at traktorane skulle vere så samanliknbare som råd er.
Ut frå data i Bedre Gardsdrifts traktoroversikt slo vi fast at der var ti kvalifiserte traktormerke til testen. Våre utanlandske kollegaer kom fram til det same. Desse ti traktormerka vart informerte om prosjektet, og inviterte til å delta. Ni produsentar svarte ja. Desse har stilt kvar sin traktor til disposisjon i den lange testperioden, og også stilt med mannskap som har gitt testførarane produktopplæring i startfasen av testen.
Eitt merke svarte nei, og det er Deutz-Fahr. Grunngjevinga var eit føreståande modellskifte.
Relaterte artikler
Ikke noe innhold