John Deere, Fendt, JCB og Valtra i BGs julebastard

Ei grovteljing nokre timar før svarfristen gjekk ut tyder på at nesten 80 prosent av nøtteknekkarane har avslørt årets bastard. Her er fasiten!

Publisert

Nok ein gong viser nøtteknekkarar i alle aldrar solid innsats. Bastarden på julaftan er i mange heimar blitt ein minst like viktig juletradisjon som ymse filmar på NRK, og det varmar eit gammalt nissehjarte.

Om ikkje mange dagane vil nissane trekke vinnaren av bastard-nøtta, og også vinnarane av hovudpremiane i årets BG-nøtter. Og dessutan legge ut julehelsingane som dei mange nøtteknekkarane kom med mens dei svarte på den siste nøtta.

Blar du i bildekarusellen over, finn du både oppgåvetraktoren, skissa nissane arbeidde på, der du kan sjå sveisesaumane, og dei fire bileta bastard-nissen starta med.

Det mest typiske feilen var at mange trudde blåfargen var frå New Holland. Men som nissebarna peika på, då bastarden vart drøfta i baksetet på sleden veg heim frå julegudstenesta, metallic-fagen til New Holland er mørkare. Faktisk gjorde nissen ingenting med Valtra-hytta, ut over å fjerne logoen på seteryggen. Også dei fleste andre alternativa på lista har fått sine kryss.

Til så lenge ynskjer BG-nissane og alle som arbeider med Bedre Gardsdrift ei framleis fin og fredfylt jul til alle lesarane. Bruk gjerne ventetida til å sjå gjennom artikkelen med svar, vinnarar og kommentarar så langt. Eller gjer deg kjent med dei nye nettsidene våre, og legg gjerne att julehelsingar med eller utan bilete i debattforumet vårt!

Relaterte artikler

Powered by Labrador CMS