Har du kyr?

Det er ikkje noko lett liv å vere kubonde. Her er ein song nettopp om det. Om det å sjekke damer med ein kropp som luktar fjøs, om kupromp og miljø, og om Jakten på kjærligheten.

Publisert

Vi har ein liten mistanke om at denne videoen, laga av Erik Wist, har fleire lag med humor. Beint ut eit høgdepunkt, vel verd å få med seg, både for deg som har kyr og for deg som berre i lettare grad har eit forhold til denne produksjonen. Følg nøye med på teksten og kos deg!

Melodien og den originale songen er av Ola Bremnes.

Powered by Labrador CMS