– Passar perfekt!

Så bra! jublar Torbjørn Grønstad frå Etne. Han er vinnaren av valfri HMV traktordel med ein reiskapsdel med hengarkule attåt.

Publisert

– Har du bruk for HMV-kopling, spør nissane i det dei får tatt seg tid til å ringje Torbjørn.

– Ja, eg brukar HMV kvar dag, er svaret.

Det betyr ikkje at han ikkje har bruk for premien. Tvert imot er eldste traktordelen blitt ganske gammal, så ei fornying vil ikkje vere dumt. HMR, som produserer HMV-koplingane, lovar at Torbjørn skal få velje fritt kva traktordel han ynskjer, slik at han får ein som passar. Og ei reiskapskopling med kule for biltilhengar er også greitt å ha.

Frå offshoreindustri til heiltidsbonde

Torbjørn Grønstad er heiltidsbonde med 380 tonn mjølkekvote og ein fjøs som vart påbygd og fornya, og utstyrt med mjølkerobot, for fire år sidan.

– Eg overtok garden i 2013. I 2014 sa eg opp jobben eg hadde ute. Eg har jobba ti år som elektrikar i offshoreindustrien. Då eg sa opp lurte eg litt på om eg gjorde rett, og det vart det mange andre som gjorde også. Men eg har ikkje angra, og sett i ettertid meiner eg at eg gjorde heilt rett.

Før han overtok, tenkte Torbjørn at dette var eit enten-eller-val. Enten-alternativet var satse fullt ut og bli heiltidsbonde. Så då gjekk han for det, og let eller-alternativet ligge.

Trufast nøtteknekkar

– Desse BG-nøttene er nesten som ein sjukdom, eg er nok blitt avhengig, bekjenner han.

– Eg må innom fjøskontoret om morgonen for å sjå kva oppgåva er. Så kan eg fundere på det gjennom fjøsstellet, for eg må vere sikker på at eg svarer rett.

Torbjørn har nemleg ein lokal kappestrid med kompisen Knut Ole Matre i å klare rette svar på BG-nøttene. I den konkurransen vart det uavgjort i år, då begge klarte 24 rette. Så er neste spørsmål: Kva er best av å vinne nye Fendt 300 til fri bruk i fire veker, slik Knut Ole gjorde for nokre år sidan, eller vinne HMV traktordel og reiskapsdel til odel og eige, slik Torbjørn gjorde denne jula?

Det får dei avgjere sjølve. BG-nissane gratulerer uansett!

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS