gardsdrift.no er blitt ny!
Bedre Gardsdrift har fått splitter nye nettsider! Vi håpar du blir fornøgd! Akkurat mens vi flyttar kan det bli litt rot, men ver ikkje redd. Det skal gå bra med nøttene!
Om du er av våre mange aktive nøtteknekkarar: Ottast ikkje. BG-nøttene vil halde fram også på dei nye sidene. For å ta høgde for eventuelle innkøyringsvanskar i flytteprosessen, lar vi nøtta frå 15. desember liggetil klokka 24:00 16. desember. Sit du oppe kring midnatt og ventar på nøtta for onsdagen, er det ein liten risiko for at den kan bli forsinka, for alle datafolka har tatt kveld på den tida BG-nissane går i gang å romstere. Blir det trøbbel, gir vi litt ekstra frist der også. Slik at du kan sove godt, trygg på at du ikkje mistar sjansen til 22 eller 24 rette i julekalenderen vår.
Vi har notert oss at der er feilmelding på epostkvitteringa når du sender svar. Det vil bli fiksa onsdag føremiddag. Svaret kjem likevel inn i sekken til BG-nissane, så sant du får opp ei side der det står "Takk for svaret ditt!"
Så håpar vi og tru ar du får god nytte og glede av gardsdrift.no, uansett om du les oss på pc, mobil, nettbrett eller noko anna høveleg smart.