Traktor i trafikken - kva er lov?

Bruk av traktor langs offentleg veg er regulert av Forskrift om bruk av kjøretøy med sine to vedlegg. Her finn du den. Nyttig å ha.

Publisert

På visse punkt er alt klart og tydeleg. På andre felt er det store rom for mykje tolking. Dette er ikkje enkelt, og det er ikkje sikkert at den som stoppar deg har meir forstand på regelverket enn du sjølv. Har du køyring som kan kome i ei eller anna gråsone, les reglane grundig sjølv og ta gjerne ei utskrift som du kan ta med i traktoren.

Forskriftene er å finne på nettsidene til Lovdata.no, og du kan følgje desse peikarane til sider som er à jour pr. august 2006.

- Forskrift om bruk av kjøretøy (bruksforskriften)" - Vedlegg 1 til bruksforskriften - største dimensjonar utan dispensasjon- Vedlegg 2 til bruksforskriften - største dimensjonar med dispensasjon etter visse paragrafar

I BG 6/06 har vi ei stor sak på kva breidder traktor og reiskap kan ha, og kor langt du kan køyre med overbreidde. I ein av artiklane her peikar vi på kva lova seier. Har du dette bladet framom deg når du leitar i forskriftene, finn du fortare fram.

Bedre Gardsdrift følgjer opp temaet traktor og trafikkreglar. Har du innspel, enten du er bonde eller irritert bilist, ta gjerne kontakt med oss!

Du kan laste ned Bedre Gardsdrift nr. 6/2006 her.

"

Powered by Labrador CMS