roll-blitz.jpg

Plukkar eple med ballongvisp

Ein roterande ball, bygd etter ballongvisp-prinsippet, i enden av ei lang stang. Det er alt du treng for å plukke runde ting i full fart frå bakken.

Publisert

Agritechnica er mest kjend for sine gedigne maskiner og blankpolert reiskap. Tar du turen forbi nokre av dei mindre utstillarane, kan du kome over slikt som dette: Ein enkel reiskap som kan plukke eple, plommer, tennisballar eller anna rundt som ligg i graset, med det lovande namnet Roll-Blitz.

Demonstrasjonen er ganske så fasinerande, og på youtube finn du produktet i filmformat - sjå over. Frå omlag 20 sekund uti filmen skjer du korleis utstyret fungerer, men følg med, for det har sine grunnar at "Blitz" er ein del av produktnamnet.

Plukkaren finst i tre storleikar. Den minste tar ting på omlag to-tre cm i diameter. Den mindre tar runde ting mellom to og fem cm i tverrmål, mens den største plukkar slikt som er fire til ti cm.

Leverandøren heiter Feucht Obsttechnik.

Powered by Labrador CMS