død rose COLOURBOX1812518

67-åring omkom i utforkøyring

HORDALAND/SAMNANGER: Ein mann omkom då han køyrde utfor ein skogsveg sist helg. Han var åleine og der var ingen vitne. Mannen er sendt til obduksjon. 

Publisert

Ulukka skjedde i samband med skogsarbeid. Mannen vart meldt sakna av eit familiemedlem klokka 13.30 laurdag, då han ikkje svarte på oppringing eller meldingar. Vener og familie reiste inn i området for å leite. Politiet fekk melding om at han var funnen død ved traktoren klokka 14.15. Han vart funnen utanfor traktoren, som hadde gått rundt og sto på alle fire hjula i ei helling ved ein skogsveg.

Ulukka skjedde med ein eldre traktor med førarhytte, og traktoren skal tilsynelatande vere i grei stand. Den er heller ikkje blitt mykje skadd i velten.

Både politiet og ulukkesgruppa til vegvesenet har vore på staden for å gjere undersøkingar.

– Vi har enno mange spørsmål. Traktoren er tatt inn til teknisk undersøking, vi har granska åstaden, og mannen blir sendt til obduksjon, fortel lensmann i Kvam og Samnanger, Terje Sperrevik.

– Veit de om mannen er blitt kasta ut av traktoren og omkom som følgje av skader frå det, eller om han har hatt eit illebefinnande før traktoren køyrde ut?

– Nei. Det er av tinga vi vil finne ut av i den vidare etterforskinga.

Powered by Labrador CMS