Sett frå ein internasjonal investor i eit langsiktig perspektiv er landbruket ein vinnar-sektor.

Finanslegende: Landbruk er framtida

Den legendariske investoren Jim Rogers held fast på at landbruket vil vere ein vinnarbransje i løpet av dei næraste tiåra.

Publisert
Sats på landbruk, seier Jim Rogers (Foto: jimrogers-investments.blogspot.com)

I løpet av to tiår vil aksjemeklarane køyre traktor mens bøndene køyrer Lamborghini (bilar, altså), sa Jim Rogers i 2014.

Det held han fast på når han no blir spurd om utsiktene for 2016.

Nedgangsperiode

Han peikar på at finanssektoren i USA, Storbritannia og fleire andre land slit tungt for tida, med nedbemanning og store vanskar med å finne nye jobbar.

– Det blir fleire oppseiingar når vi går inn i ein nedgangsperiode. Den amerikanske aksjemarknaden fall noko i 2015, og vi ser allereie problema. Berre vent, seier han i eit intervju med Skagenfondene.

Trur på landbruket

Landbruket har han større tru på.

– Fleire bønder har det bra no. Dels på grunn av lågare kostnader samstundes som prisane på mange landbrukseigedomar har gått opp. Eg tilrår framleis å forlate finanssektoren til fordel for landbrukssektoren i dei fleste delane av verda. Men enno har eg tru på at finanssektoren i Kina vil gå opp i verdi, av historiske og politiske grunnar, mens eg meiner finans i store delar av resten av verda vil tape seg i verdi.

Jim Rogers er ei internasjonalt anerkjent finanslegende frå USA. I 1969 var han med på å starte det som er rekna som det første internasjonale investeringsfondet, Quantum-fondet. Han er også omtalt som finansbransjens Indiana Jones, etter to lange reiser på motorsykkel gjennom heile verda, der den første turen vart notert i Guinness rekordbok. I 1998 starta han eit indeksfond for råvarer, Rogers International Commodity Index. Han har også utmerka seg ved fleire høve for å vere ein varm talsperson for verdien av landbruk.

Powered by Labrador CMS