Ein ball er'kje alltid ein ball.

Rosa ballar

Det store merksemda på rosa ballar for tida får ymse utslag.

Publisert

Denne teksten er saksa frå søndagsutgåva av Melei-nytt, ei ultralokal nettavis må vi nesten kunne kalle det, frå så langt inne i Indre Nordfjord at det er slutt på fjorden. Teksten er gjengitt med løyve frå opphavsmann Arild Hafsås, som ikkje er bonde. Men singel (utan at det strengt tatt treng ha så mykje med saka å gjere, ikkje veit vi). Publiseringa er også klarert med den omtalte Roar, som er bonde. Og trebarnsfar.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

På veg heim laurdagsnatta, via øvre Melei allé og Kolben Gard. En omveg kan nesten ikkje bli lang nok, når en går i lag med slike kjekke folk. Artig å få vere med å jage kalva inn på rett beite og. Forstod til slutt kva veg vi egentleg jaga dei.

Etterpå var det pissepause på meg og Roar. Medan vi står der, studera eg rundballane som ligg på bøen. "Du Roar, ha'kje du rosa balla du?"

Karen ser ned. "Ehhh nei, dei er meir gråbleike," seier han litt lettare brydd. "Enn du då," seier han, "ka ha du?"

Eg ser litt dumt på han. "Nei, eg ha'kje balla."

Fyren ser no endå meir brydd ut. "Å du, det va'kje eg klar over."

Samtalen gjekk brått over i vêr og til slutt et kjapt godnatt.

I dag lure eg på ka som egentleg skjedde der oppe i Melimarkja. Har ringt Roar'en i heile dag, men få'kje nåke svar.

Rosa ballar til inntekt for brystkreftforsking

Fenomenet med rosa rundballar er eit initiativ frå Felleskjøpet, basert på ein ide som har sitt opphav på New Zealand. Felleskjøpet har lagt på ti kroner på prisen pr. rull med rosa rundballeplast, som går uavkorta til brystkreftsaka. I tillegg bidrar Felleskjøpet sjølve med ti kroner, og produsenten av plasten stiller med ti kroner. Totalt blir det eit spleiselag mellom bøndene, Felleskjøpet og plastprodusentane som gir 30 kroner til brystkreftsaka pr. rull rosa plast. Det bonde-eigde Felleskjøpet budsjetterer med eit samla bidrag på 300 000 kroner som Brystkreftforeningen får overlevert over sommaren. Felleskjøpet melder at etterspurnaden etter rosa plast har vore større enn venta, så det har vore behov for å rasjonere den rosa plasten, og den er fordelt ut over heile landet.

For bøndene er plastkostnaden ein vesentleg del av kostnaden ved produksjon av rundballar. Plastprisen har gått opp med nær 20 prosent frå 2015 til 2016, kunne Bedre Gardsdrift melde i BG 3/2016. Samstundes er det mange i landbruket som er glade for å kunne støtte gode saker, noko også dette initiativet vitnar om. 

Får du brått lyst til å støtte brystkreftsaka med godt synlege rosa rundballar no, vert ofte meirkostnaden vesentleg over ti kroner. Bedre Gardsdrift har gjort ein kjapp sjekk av pris på nokre få rullar rosa plast i juli. Den prisen ligg omlag 30 prosent høgare (pluss 250 kr pr. rull a 1900 m plast) mot gjennomsnittsprisen vi fekk inn frå bønder og entreprenørar i ei prisundersøking på plast kjøpt i vår. Då samanliknar vi vel og merke små kvantum rosa plast med gjennomsnittsprisen for å kjøpe inn pallevis med standardplast. 

Powered by Labrador CMS