Ny Ursus-importør
Therkelsen maskin, frå før importør av Agro rundballepresser, er ny eineimportør av polske Ursus traktorar.
Det er ikkje registert nye Ursus-traktorar i Noreg sidan 2002, og det er også siste året der traktoren var representert i traktoroversikten i Bedre Gardsdrift. Den gongen med Brødrene Bjørnstad i Elverum som importør.
Perkins og Carraro
Slik sett er ikkje Ursus nokon nykomar på marknaden, men heller ikkje akkurat så veldig kjent. Ursus blir produsert i Polen, og har dei seinare åra oppgradert traktorane sine. Therkelsen satsar på åtte modellar frå 50 til 110 hk. Alle har motor frå Perkins. Framakslingane kjem frå Carraro, og det gjer også transmisjonane på dei minste. På enkelte av dei større modellane er transmisjonen frå Hema.
Traktorane vert levert med to års garanti eller inntil 1500 timar, føresett at dei er selde og følgde opp av ein autorisert Ursus-forhandlar. Til no består det norske forhandlarnettet av Therkelsen maskin.
Kompakt firma
Therkelsen maskin held til midt mellom Horten og Kongsberg, på Kongsberg-sida av fylkes- og kommunegrensa. På eiga nettside melder firmaet at Rolf Therkelsen er dagleg leiar, salsansvarleg, deleansvarleg og kontaktperson. Selskapet er registrert som enkeltmannsføretak, men har ein medarbeidar på økonomi og brukarrettleiing.
Kjent for Agro rundballepresser
Frå før driv Therkelsen Maskin med Agro/Sipma rundballepresser, eit alternativ for deg som produserer få ballar. I same serie blir det også levert ballepakkarar, balleløft, samlerive og ballekuttar. Selskapet har også agenturet på Wolagri minirundballepresser, pakkarar og tilhøyrande utstyr.
Om Ursus
Ursus-fabrikken vart grunnlagt i 1893 i Polen. Selskapet vart nasjonalisert i 1930, med produksjon av militært materiell. Etter krigen vart fabrikken bygd oppatt og starta produksjon av ein kopi av Lanzt Bulldog-traktoren. Utover 50-åra var traktorane baserte på Zetor-modellar. Framover mot 80-talet arbeidde selskapet med ymse lisensproduksjon.
Frå 2007 har selskapet vore notert på børsen i Warszawa.
I 2011 slo Ursus seg saman med den polske reiskapsprodusenten POL-MOT Warfama SA, og same år vart det satsa på nyutvikling av traktorane. Ursus har fire fabrikkar i Polen.
Forutan produksjon for den nasjonale og europeiske marknaden, har Ursus særleg satsa på eksport til Afrika, der utsleppskrava er lågare.