Reglar for BG-nøttene 2014

BG-nøttene har ganske enkle reglar. Her finn du reglane, og nokre nyttige tips:

Publisert

Litt av premiane i gåvesekken for BG-nøttene 2014.

Deltaking 1. Alle kan delta, heilt gratis, utan at deltakinga forpliktar deg til nokon ting på noko vis.2. Du må fylle ut alle felta i kontaktinformasjonen første gongen du svarer. Deretter treng du berre å fylle inn namn og epostadresse. 3. Om namn eller epostadresse er skrive ulikt på ulike dagar, vil systemet registrere deg som ulike personar, og du risikerer å ikkje bli med i trekninga av hovudpremiane. Spørsmål og svar 1. Kvar dag stiller BG-nissane eit spørsmål. Di fleire rette svar du har, di større er sjansen til å vinne veke- og hovudpremiar. 2. Svaret skal vere mogeleg å finne på internett, eller i papirutgåva av Bedre Gardsdrift.3. Kvar person får berre godkjent eit svar per dag. Dersom du svarer fleire gonger, gjeld det siste svaret, mens første svar blir sletta. 4. Kvar dag er det ulike bonusspørsmål. Der du står fritt til å svare akkurat det du vil, om du vil. Nokre av desse svara vert publiserte, saman med førenamnet til den som svarer. For nokre av bonussvara kan det bli trekt eigne ekstrapremiar.Premiar 1. Dei aller fleste premiane er sponsa av bedrifter, som sender premien direkte til vinnaren.2. Namnet på vinnarane blir offentleggjort så snart det praktisk lar seg gjere på gardsdrift.no. I tillegg vert vinnarane varsla på epost. Om du vinn til dømes klede, spør vi deg om storleik. Du kan ikkje rekne med at premien blir sendt før enn i januar.3. Dersom du ikkje har mottatt premien innan 1. februar 2015, må du gi melding til Bedre Gardsdrift snarast råd, seinast før 1. april 2015.Krav til vinnar av traktor i fire veker 1. Vinnaren må førarrett for den aktuelle traktoren. Slikt blir klarert før namnet blir gjort offentleg. 2. Traktoren kan måtte hentast og leverast (reingjort) på ditt næraste Eiksenter.3. Du sjølv dekke diesel, og eigenandel ved eventuell skade.4. Eikmaskin held traktor og forsikring.5. Tidspunkt for når du får disponere traktoren blir avtalt direkte.Krav til vinnar av tur 1. For å kunne delta på turane, må du ha fylt 18 år. 2. Turane inkluderer fri reise og opphald frå Gardermoen eller Rygge, om ikkje anna er avtalt.

Powered by Labrador CMS