BGnøtter2014 fjøssystemer

Premiesekken var ikkje tom...

...for på botnen låg der ein utrekt premie. Eit gåvekort på kr 5000 frå Fjøssystemer!

Publisert


BG-nissane pusta letta ut i romjula. Ein enorm stabel med svar var sjekka, og alle vinnarane var trekte. 51 heldige namn sto på dataskjermen. Så mange premiar, så mykje glede! Det blir godt med ein liten pause no, tenkte dei.

Ikkje mange dagane inn i det nye året oppdaga dei det. På botnen av den kjempestore premiesekken låg der att eit kort. Eit lite kort med ein stor sum, som Fjøssystemer la i sekken i god tid før BG-nøttene starta. Premien til den 52. vinnaren i BG-nøttene 2014.

Kva skulle dei gjere? Det var enno ikkje for seint. Inni datamaskina låg lista med alle dei imponerande finalistane. Aldri før har så mange knekt 24 rette nøtter, og mellom desse var det trekt berre ein premie. BG-nissane bestemte seg: Desse aller trottugaste og mest kunnskapsrike av landets nøtteknekkarar fortener meir. La oss trekke gåvekortet mellom desse!

Og slik gjekk det til at Tommy Skretting frå Varhaug i Rogaland fekk seg eit gåvekort på kr 5000, som han kan bruke til å kjøpe akkurat det han ynskjer frå Fjøssystemer, som har gitt premien.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS