BGnøtter2014 premie

Hovudpremiane i BG-nøttene 2014

BG-nissane konstaterer at det berre er få dagar att til julaftan. På tide å repetere kva som er i den store sekken med hovudpremiar!

Publisert

Responsen og engasjementet kring årets BG-nøtter er aldeles fantastisk. Frå heile landet kjem det svar i store haugar kvar einaste dag. Sjølvsagt svar på premiespørsmålet, men også mange svar av høg kvalitet på bonusspørsmålet. Det er ingen tvil om at mange jaktar på ein av hovudpremiane, så BG-nissane tar seg tid til ein liten repetisjon:

På rett spor med 24 rette


Er du av dei med alt rett, kan du finne fram noteheftet frå Alf Prøysen og bla opp Romjulsdrøm, eller prøve komp frå Youtube, og synge med:

En skulle hatt en GPS i romjul'n og sikta beint på målet att og fram og sikte-stikken kunn vi bære kaste og trøffi eksakt både bort og hem. Og skjermen skulle sitta midt i traktor'n og vægen trøngte itte vi å sjå, for sattelitta, døm e skikkli fineog vise kursen dit vi ville gå.

GPS'en kjem frå A-K maskiner, og er av typen Trimble EZ-guide 250.

22 rett = Fendt


Sjølvaste grompremien for mange av nøtteknekkarane kostar 1,3 millionar kroner. Du kan få låne den til fri bruk i fire veker. I samråd med Eikmaskin vel du sjølv når det passar best for deg å ha traktoren. Nye Fendt 300 Vario blir trekt ut til ein av dei med 22 rette eller meir. Mange har ytra seg om kva dei kunne tenkt seg å bruke traktoren til. Det kan du lese om her. BG-nissane har tilpassa teksten i Eivind Scheie sin vakre adventssong Tenn lys frå Portveien 2, så alle som drøymer kan nynne for seg sjølv:

"

Vinn Fendt! En Fendt skal vinnes fra BGs julenøtt. Den blanke hovedpremie; en splitter ny traktor. Se, alle deler håpet at gode ting kan skje. Når nissene skal trekkei BG-nøttene!

Elles kan det nemnast at Eikmaskin har brukt adventstida til å spesifisere traktoren. For dei ekstra interesserte kan vi nemne desse detaljane: Det vert ein 313 Vario S4 med fronthydraulikk, frontkraftuttak, 110 l/min hydraulikkpumpe, automatisk klimaanlegg, hyttefjøring, elektriske speglar og vidvinkelspegel, oppgradert førarsete, full lyspakke, fjørande framaksling, radio med ekstra høgtalarar, svingbare framskjermar, Fendt Cargo frontlastar med demping og hydraulisk reiskapslås, og 540/65R24 / 600/65R38 dekk.

22 rette, klar for slåtten


Med minst 22 rette kan du også vinne to veker fri bruk av ei Orkel Silvercut 3000 slepeslåmaskin. Tida for disponering av premien vert tilpassa når du har slått. Når traktoren er trekt ut, vil BG-nissane trekkje totalt fem andre namn. Den første som vert kontakta av desse som driv med gras, får slåmaskinpremien. Dei fire andre får reisene, som du kan lese meir om under.

22 rette, ut på tur

Hans Rotmo song Kjære industri, kom og gjør mæ fri; Fra all bekymmer med kuskit og med fjøs.BG-nissane håpar nøtteknekkarane blir ved sin lest, eller helst ved sin gard, men litt fri i ein kortare periode kan ikkje skade. Særleg ikkje når reise og opphald er betalt, og når reisemålet er fagleg. BG-nissane har sikre målingar på at reiser som premie i tidlegare omgangar av BG-nøttene har auka den gjennomsnittlege livsgleda i bondestanden med fleire hakk. Tidspunkt for reisene og detaljar elles vert avklara med vinnarane, men i utgangspunktet er alle turane frå Gardermoen eller ein annan flyplass nær Oslo, og det vert trekt ein heldig vinnar pr. tur.

Lukkelege nøtteknekkarar med minst 22 rette kan sjå fram til å bli trekt ut på ein av desse turane:

Fabrikktur til Krone i Tyskland, gitt av HCP

Messetur til Lamma-utstillinga i England, gitt av Hektner maskin

Fabrikktur til Massey Ferguson i Frankrike, gitt av Eikmaskin

Fabrikktur Valtra i Finland eller Claas i Frankrike, gitt av Lantmännen maskin

Alle med: Miljøbensin

Kvar sjette dag trekkjer vi to vinnarar mellom alle som har deltatt sidan førre trekning. Kvar av desse vinn 20 liter Aspen miljøbensin, valfritt for to- eller firetaktsmotor. Det same gjer vi når alle 24 svara er samla inn: Då er alle som har deltatt minst ein av dei 24 dagane kvalifisert til å vere med i trekninga av to premiar a 20 liter Aspen miljøbensin. 20 liter vert rekna som eit normalt årsforbruk.

Alle med: Gåvekort på kr 5000


Rause BG-nissar gler seg over rause premiar frå rause sponsorar. Mellom alle som har deltatt i BG-nøttene trekkjer nissane eit gåvekort på kr 5000 frå Fjøssystemer. Kvar dag du har deltatt tel som eitt lodd. Di fleire dagar du har deltatt, di fleire lodd har du i potten, og med det ditto større sjanse til å vinne. Gåvekortet kan brukast på alt av varer frå Fjøssystemer, enten du brukar det til å kjøpe komplett fjøs med mjølkerobot, eller om du brukar det til å skifte rister hos sauene eller ei taklampe i reiskapshuset.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS