BGnøtter2014bastard

Fasit BG-nøttene julaftan

Årets bastard-traktor var ei krevjande nøtt, men omlag halvparten av nøtteknekkarane har full kontroll også her. Imponerande! Her finn du rett svar, og du ser korleis dei fire merka er limte saman.

Publisert

BG-nissane tar seg litt julefri, og ventar litt med å trekke vinnar og legge ut alle dei trivelege julehelsingane som er komne inn. I mellomtida kan du granske både oppgåve og fasit, og vente i spenning på den store trekninga, som nissane håpar å få unnagjort i løpet av romjula.

Oppgåva

Her er oppgåva julaftan: Ein traktor, samansett av fire. Spørsmålet er kva fire merke denne er bygd av. Om du ikkje har svart, og vil prøve deg, ikkje bla for langt ned på sida – der ligg nemleg svaret...

Rett svar

Panser og hytteramme er frå McCormick , ein X7.680 for å vere heilt eksakt. Over 90 prosent har sett det.Framaksling og frontløft kjem frå ein Fendt 930. Dette har nær 85 prosent av nøtteknekkarane rett svar på.Bakhjul og ikkje minst bakskjerm kjem frå ein Fiatagri av den litt sjeldne varianten 65-90, men med 90-seriens karakteristiske design. Også her ligg rett-svar-prosenten oppunder 85. Den litt leie detaljen er merke nummer fire. Panserside, stigtrinn, venstre A-stolpe på hytta med tilhøyrande arbeidslys, blinklys og spegel, og for dei observante også refleksen under døra, er frå ein New Holland 8160, tilsvarande TM-serien. Då sjefsnissen streva litt her før oppgåva vart publisert, tok bastardtraktornissen og la til ein tekst med eit lite hint på sida av panseret, der bokstavane NE i "BG-NØTTENE" er skrive slik New Holland skriv dei to første bokstavane sine. Litt over 60 prosent har svart New Holland.

Her er dei fire traktorane BG-nissane plukka deler frå. Brukttraktor-snokar som har ferdast i området Rudshøgda-Furnes like før jul har kan hende sett originalane.

Mange har nesten alt rett...

Mange har mykje rett, men alt rett er det kring halvparten som har, ut får ei kjapp oppteljing på kvelden 1. juledag. Fleire detaljar kjem så snart nissane riv seg laus frå familie og fjøs og snø ei litt lengre økt. Om det er ei trøyst, nissebarna på seks, åtte og ti år klarte heller ikkje årets bastard på første forsøk. Først under ei inngåande drøfting ved julegrauten vart dei samde om eit korrekt svar.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS