BGnøtt 2013 ekorn

Vinnarane er kåra!

Traktor til Kjell Magne, bondepad til Anders, Valtratur til Birgit og Morten, og Englandstur til Lena. Dette er dei glade vinnarane av hovudpremiane i BG-nøttene 2013.

Publisert

Claas Arion til Korgen

Kjell Magne Sandmo frå Korgen midt mellom Mosjøen og Mo i Rana kan bu seg på fire veker i ein Claas Arion i valfri storleik. Han er trekt ut som vinnar av hovudpremien i årets BG-nøtter. Kjell Magne var i eit område med dårleg mobildekning då BG ringde for å fortelje om premien, så han fekk varsel på sms.

– Eg måtte lese meldinga nokre gongar før eg våga å seie det til nokon andre, seier ein overraska traktorvinnar.

38 år gamle Kjell Magne Sandmo driv mjølkeproduksjon med 300 tonn i kvote, og flytta inn i nytt fjøs i vår. I tillegg har han 100 vinterfôra sau. Området han bur i er sterkt prega av storstilt utbygging innan landbruket, med eit aktivt miljø og rift om jorda. Og traktor har han bruk for.

– Det blir mange traktortimar gjennom året, særleg i slåtten. Så det kan passe bra med litt ekstra krefter i traktorparken då.

Kjell Mange har ikkje prøvd Claas tidlegare. Dagens hovudtraktorar er ein MF 7480 og ein MF 6150.

Premien er gitt av Lantmännen Maskin.

Bondepad til Gran


Anders Sørum frå Gran på Hadeland har drive gard sidan 1967. No er det kornproduksjon som gjeld, mens der tidlegare også var dyr på garden. Han er trekt ut som vinnar av eit solid nettbrett, eit som toler skit og søl og støt langt betre enn nettbrett flest. Premien er gitt av i-mek-gutta i A-K maskiner.

– Eg har ikkje nettbrett frå før, så dette passar fint, seier ein glad vinnar. Anders kvalifiserte seg for premien ved å svare rett på alle dei 24 oppgåvene.

Valtratur til Skjåk og Levanger


Birgit Bilstad bur og arbeider i Skjåk, og er klar for å reise på fabrikkbesøk til Valtra i Finland. Ho bur ikkje på gard, men har ein svoger med mjølkeproduksjon, og der er ho rett som det er å finne i fjøsen.

– Eg er absolutt landbruksinteressert, seier dama som kan skilte med 24 rette i årets BG-nøtter. Tidlegare har ho arbeidd på landbrukskontor. No er ho fiskerirettleiar i Skjåk allmenning, mens ho har skogbruksutdanning frå Ås.

Morten Holberg frå Levanger tener til livets opphald ved å vere snekkar, men han driv gard attåt. Med ei landbruksinteresse som er større enn garden.

– Eg har berre eit lite kornbruk, men eg driv det sjølv, seier naboen til Ty-Bø maskinlag. Tur til Valtra høver godt, for mekaniseringa på det vesle kornbruket består av ein Valmet 602 og ein 6400.

– Grundig overmekanisert, men det finst da verre hobbyar, seier ein glad trønder. Han har ikkje vore på Valtrafabrikken tidlegare, men som Saab-entusiast har han vore på ein annan og no historisk fabrikk, i Trollhättan. Som elles får notert seg ei stjerne i margen hos BG-redaksjonen: – Det første eg gjorde etter overtakinga var å bestille abonnement på Bedre Gardsdrift!

Dette har nok forenkla jobben med å sikre seg 24 rette, slik Morten har klart med glans.

Fra Valdres til England

Hektner Maskin har gitt ein tur til den engelske landbruksutstillinga Lamma i januar. Den er trekt ut mellom alle som har svart 24 gongar, uansett kor mange rette vedkomande har. Lena Lisjordet frå Røn i Valdres vann denne premien, høgst fortent med 23 av 24 rette.

– Eg hoppar rundt av glede, har vanskeleg for å lande, og gubben sit med haka nedpå knea. Er det verkeleg sant, spurde ho etter å ha fått den glade meldinga.

Saman med mannen Jan Erik driv Lena eit mjølkebruk som i sommar er bygd ut frå 24 til 28 kyr. Lena gler seg stort til Englandstur, og ser fram til litt avkopling etter eit hektisk år med fjøsbygging.

Tre ekstrapremiar

BG-nissane er også glade, og tykkjer at det store engasjementet frå nøtteknekkarane kvalifiserer for enda litt premiering. Difor blir det litt over nyttår sendt ut tre ekstrapremiar med to samlepermar i kvar pakke. Desse premiane er trekte ut mellom alle som har deltatt. Vinnarane av desse premiane er følgjande:

Knut Martin Bårnes, Helgeroa

Laurits Engelsvoll, Klepp St

Henrik Grinnen Berntsen, Rissa

43 premiar totalt

Dermed er det totalt delt ut 43 premiar i årets BG-nøtter. Du finn alle vinnarane av dags- og vekepremiar her. BG-nissane takkar alle deltakarane hjarteleg for innsatsen, dei takkar alle premiesponsorane for gode gåver, og gratulerer stolt og audmjukt alle vinnarane!

Velkomen tilbake til BG-labyrint til påske og nye BG-nøtter 1. desember 2014!

"
Powered by Labrador CMS