Anne (13) til Nederland

Ho har svart på BG-nøttene i fleire år, og er aktivt med i drifta heime. No blir det tur til Sac-fabrikken i Nederland på Anne Dragsten Raanes frå Averøy.

Publisert

Både Anne og broren har vore aktive nøtteknekkarar i jul etter jul, og kunnskapane er på topp: 22 rette av 22 innsende svar i BG-nøttene 2016, det er nøyaktig nok til å vere med i trekninga om premien frå G.K. Røe.

I-mekleverandøren som har agenturet på mjølkeutstyret frå Sac stiller nemleg med denne premien: Tur for to frå Gardermoen, inklusive kost og overnatting, til Sac sin mjølkerobotfabrikk i Nederland. I tillegg vert der gardsbesøk, og G.K. Røe dekkjer også inntil 1500 kroner i innanlandske reisekostnader.

Er aktiv i drifta

– Oj! svarer mor Kari Raanes når vi ringjer for å fortelje om premien.

– Då blir det tur på Anne og ein av oss vaksne, konstaterer Kari, tydeleg nøgd med dottera sin innsats.

Familien driv mjølkeproduksjon på Averøy med 190 tonn i kvote. Det er Kari som kjem frå garden, som ho overtok i 1998. Ho står for fjøsarbeidet og mykje av det som elles skal gjerast, som heiltidsbonde, mens mannen Arnstein Dragsten driv eige firma og tar del i utearbeidet på garden.

Anne er odelsjente. Både ho og broren er aktivt med i gardsarbeidet, drivne av lyst og ei veldig interesse for landbruket.

Ikkje robotkundar – enno...

Kari fortel at kyrne går i lausdrift, og mjølkinga føregår på tradisjonelt vis. Der er blitt ein del gardar med mjølkerobot på øya, og alle har til no valt same sorten.

– Vi har ingen umiddelbare planer om robot. Om det vert aktuelt i framtida, vil vi velje på fritt grunnlag, uavhengig av kva andre har valt.

BG-nissane gratulerer årets yngste hovudpremievinnar, og ynskjer god tur!

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS