Reglar for BG-nøttene 2016

BG-nøttene har ganske enkle reglar. Her finn du reglane, og nokre nyttige tips:

Publisert

Deltaking

1. Alle kan delta, heilt gratis, utan at deltakinga forpliktar deg til nokon ting på noko vis.

2. Du må fylle ut alle felta i kontaktinformasjonen første gongen du svarer. Deretter treng du berre å fylle inn namn og epostadresse. Om du vinn, vidaresender vi kontaktinformasjon til den aktuelle premiesponsoren. Elles vil ikkje kontaktinformasjonen bli delt med andre på noko som helst slags vis.

3. Om namn eller epostadresse er skrive ulikt på ulike dagar, vil systemet registrere deg som ulike personar, og du risikerer å ikkje bli med i trekninga av hovudpremiane.

Spørsmål og svar

1. Kvar dag stiller BG-nissane eit spørsmål. Di fleire dagar du har rett svar, di større er sjansen til å vinne hovudpremiar.

2. Svaret skal vere mogeleg å finne på internett, eller i papirutgåva av Bedre Gardsdrift.

3. Kvar person får berre godkjent eit svar per dag. Dersom du svarer fleire gonger, gjeld det siste svaret, mens første svar blir sletta.

4. Kvar dag er det ulike bonusspørsmål. Der du står fritt til å svare akkurat det du vil, om du vil. Nokre av desse svara vert publiserte, saman med førenamnet til den som svarer. For nokre av bonussvara kan det bli trekt eigne ekstrapremiar.

Instagram-konkurransen

1. Så lenge BG-nøttene pågår, kan du poste bilete på Instagram merka #BGnøttene. Mellom bidraga som kjem inn her, trekkjer vi ein vinnar av ein spesifik premie.

2. Jo fleire bilete du sender inn, jo større blir sjansen til å vinne.

3. Ved å delta i konkurransen gir du også Berde Gardsdrift rett til å bruke alle innsende bilete redaksjonelt, både på trykk i Bedre Gardsdrift og på www.gardsdrift.no.

Premiar

1. Dei aller fleste premiane er sponsa av bedrifter, som sender premien direkte til vinnaren.

2. Namnet på vinnarane blir offentleggjort så snart det praktisk lar seg gjere på gardsdrift.no. I tillegg vert vinnarane varsla på epost. Om du vinn til dømes klede, spør vi deg om storleik. Du kan ikkje rekne med at premien blir sendt før enn i januar.

3. Dersom du ikkje har mottatt premien innan 1. februar 2015, må du gi melding til Bedre Gardsdrift snarast råd, seinast før 1. april 2015.

Krav til vinnar av traktor eller reiskap i fire veker

1. Vinnaren må førarrett for den aktuelle traktoren. Slikt blir klarert før namnet blir gjort offentleg.

2. Vinnaren må ha behov for den typen traktor eller reiskap som er premie, og vere i stand til å nyttegjere seg premien. Slikt blir klarert før namnet blir gjort offentleg.

3. Premien kan måtte hentast og leverast (reingjort) annan stad enn heime på tunet.

4. Du må sjølv dekke diesel, direkte driftskostnader og eigenandel ved eventuell skade.

5. Den som stiller med premien held traktor eller reiskap og forsikring, og gir naudsynt opplæring i bruk.

6. Tidspunkt for når du får disponere premien blir avtalt direkte.

Krav til vinnar av tur

Punkta under er grunnreglar. Der kan vere unntak frå desse reglane. Det går fram av omtalen av kvar enkelt premie. I somme tilfelle kan det vere høve til å gjere tilpasningar i samråd med premiesponsoren, men du kan ikkje forvente at det lar seg gjere.

1. For å kunne delta på turane, må du ha fylt 18 år. Om ikkje anna er pressisert, gjeld kvar tur-premie for ein person.

2. Turane inkluderer fri reise og opphald frå Gardermoen, om ikkje anna er avtalt. Innanriks tilslutning er ikkje inkludert om ikkje anna er presisert.

BG-nøttene har spreidd nyttige premiar og store gleder til tusenvis av glade nøtteknekkarar over heile landet sidan 2007. BG-nøttene er styrt av BG-nissane, som med stor audmjukheit og djup respekt for nøtteknekkarane kvar dag i førjulstida legg ut spørsmål, og så snart dei rekk på det etterpå trekkjer vinnarar og publiserer svar og kommentarar. 

BG-nissane er både jury og ankeinstans om nokon er missnøgde med trekningane. Nissane er veldig nøye på at andre ikkje får sjå verken spørsmål eller svar på førehand, og har gjennom mange år lagt opp arbeidet slik at det skal vere uråd å spionere på dette, då spørsmåla som regel ikkje er klare før enn like før publisering. 

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS